Sei nei til sentralisering og ei svekking av utdanningstilbodet i Årdal og i Indre Sogn!

Sei nei til sentralisering og ei svekking av utdanningstilbodet i Årdal og i Indre Sogn!

Fylkesdirektøren i Vestland foreslår å kutte Industriteknologi og fjerne siste rest av Sal, service og reiseliv (SSR) i Årdal, sidan dei fjerna førsteklassen på den linja tidligare. Dette er del av eit løp for å spare 20 millionar kroner i utgifter til dei vidaregåande skulane i Vestland.

Nedlegginga av Industriteknologi vil gi alvorelege konsekvenser for rekruttering til næringslivet i Årdal, med tanke på å få rekruttert fagfolk. Årdal er tufta på industri. Hydro Aluminium og NorSun er to store industriverksemder, som ligg langt framme med teknologi og innovasjon i sine produksjonsprosessar. Desse bedriftene, saman med fleire teknologi-, service- og produksjonsbedrifter, SINTEF og kunnskapsparken Sogn og Fjordane har gått saman om å starte SITEP, senter for innovasjon, teknologi og produksjon. Dette senteret vil gjere Årdal til ein av dei framste stadane i landet for satsinga på framtidas industri. Då er det uforståeleg at ein ønsker å fjerne dette tilbodet frå Årdal, og Indre Sogn. Årdal er den einaste skulen med dette tilbodet i regionen.

Forslaget om å legge ned SSR er også eit feilgrep. I Årdal kommune sine planar er det blant anna eit utalt mål om å satse på reiselivsnæringa, og kommunen har blitt nasjonalparkkommune blant anna for å styrke det arbeidet.

Dersom ikkje skulen får tilført noko vil ungdommane frå neste skuleår kun kunne velje Studieførebuande, TIP eller Elektrofag.

Skulen vil mangla eit tilbod for dei som ikkje ønsker å velje studieførebuande eller industrifag, og mange 15-16 årige elevar må pendle, eller skaffe seg hybel for å få skuleplass. Ein kan spekulere i kva dette vil bety for ungdommen i Årdal spesielt, og kommunen sitt mål om å vera ein attraktiv stad å bu. Noko av det som lokkar folk til kommunen er at det er ein vidaregåande skule der, slik at ungane deira ikkje treng å flytte heimefrå for å begynne på vidaregåande.

Forslaga til nedlegging står i motsetnad til fylkeskommunen sine grunnprinsipp for utdanning: «den vidaregåande opplæringa skal bidra til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod.»

Forslaga står også i motsetnad til Regjeringa si målsetting om å heve statusen til yrkesfaga og kjempe mot eit uakseptabelt høgt fråfall. Regjeringa meiner det trengst fleire lærlingplassar og fleire tilpassa løp i utdanninga.

Det nyoppretta Distriktsnæringsutvalget la nyleg fram i sin rapport ei anbefaling av eit finansieringssystem som sikrar studiestader i distrikta, og dei peiker på at omlag 70 prosent blir værande i den regionen dei har gjennomført studia sine i.

Dei nye krava til opptak som Sogn og Fjordane har fått etter samanslåinga til Vestland tek knekken på dei små skulane. Krav til 80% fyllingsgrad for å starte klassar er ikkje eit problem å få til på store byskular, for dei mindre skulane i Vestland kan det etterkvart bli problem for fleire programområde.

Ikkje legg ned linjer ved Årdal Vidaregåande Skule, jobb mot sentralisering og styrk heller utdanningstilboda i distrikta! 


Foreldreutvalget Farnes Skule    Kontakt personen bak underskriftskampanjen