LA OSS BEHALDA EIT UTDANNINGSTILBOD FOR VG2-ELEVAR INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG VED FUSA VGS!

På møte i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune 18.04.2024 vedtok dei blant anna å leggja ned både VG2 Helsearbeidarfag og VG2 Barne- og ungdomsarbeidar ved Fusa vgs skuleåret 2024/2025. Dermed vil ikkje skulen frå hausten av ha noko reint yrkesfagopplæringstilbod til VG2-elevar innan helse- og oppvekstfag. Vedtaket vart gjort over halvannan månad etter søknadsfristen til vidaregåande skular, og inneber at elevane som no går VG1 Helse- og oppvekstfag ved Fusa vgs, og som såg for seg eit vidare utdanningslaup ved denne skulen, no må søkja på nytt ved andre skular.

For dei fleste av oss er det viktig med litt forutsigbarheit, og dette gjeld sjølvsagt også i utdanningslaupet ein legg. Det er ein del no som har gått på ein skule der dei trives, og føler seg trygg, og såg for seg halda fram med utdanninga si. Og så, lenge etter søknadsfristen til VG2, når ein har landa litt, og kjenner seg komfortabel med valet ein har gjort, så får ein beskjed om at ein må velja på nytt …

Ser ein på dei som har ein av desse utdanningsvala som fyrsteval ved Fusa vgs. så bør det vera nok til i alle fall å oppretthalda ein av klassane. Tek ein med dei som har dette som andreval, ser me ikkje vekk frå at det vil vera grunnlag for å oppretthalda begge klassane. Ser ein på Os vgs. som er det andre alternativet i Bjørnafjorden kommune, er det her 127 søkjarar som har ein av tre klassar her som fyrsteval (15 elevar per klasse), deriblant 91 stykk til ambulansefag. Då har ein over 80 søkjarar her som ikkje vil få tilbod om skuleplass innan helse- og oppvekst ved Os vgs. For mange av desse vil nok Fusa vgs. vera eit naturleg alternativ.

For å sikra rekruttering av fagarbeidarar til helse- og oppvekstsektoren ser med det som særs viktig at ein opprettheld lokale utdanningstilbod innan desse fagområda.

Vedtaket i fylkeskommunen viser tydeleg ei sentralisering av utdanningstilbodet i fylket. Klassar vert lagt ned i distrikta, og nye klassar vert oppretta ved skular sentralt i Bergensområdet. Dette medfører at mange elevar frå distrikta ufrivillig må flytta for å kunne ta den utdanninga dei ynskjer. Dette synest me ikkje er greitt! La oss derfor få behalda eit utdanningstilbod for VG2-elevar innan helse- og oppvekst ved Fusa vgs også skuleåret 2024/2025.


Helse- og oppvekstklassen vg1 ved Fusa vgs    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Helse- og oppvekstklassen vg1 ved Fusa vgs fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...