Opprop mot kutt i lærarstillingar!

Kva vinning ser kommunestyret med å kutte i lærarstillingar? Kutt i lærarstillingar, eller andre stillingar i form av assistentar/fagarbeidarar er heilt uforståeleg for meg. Kutt i stillingar der det alt er strekt vil ikkje spare kommuna, det vil straffe seg for kommuna. Det håpar eg dei kan klare å sjå sjølve og, men det skadar ikkje at vi hjelp dei på veg med eit opprop for å synleggjere vår misnøye ovanfor elevane og dei ansatte. 

Eg vil sitere budsettet her;

"Ørsta kommune brukar mindre pengar på grunnskuleområdet enn samanlikniningskommunane, og drifta er effektiv, men for 2024 må vi redusere driftskotnadane ytterlegare, noko som betyr kutt i stillingar. Om vi klarer å gjennomføre reduksjonen frå 1.1.24 utgjer kuttet 7 årsverk, men om vi må vente til 1.8.24, utgjer reduksjonen 14 årsverk. Dette er ikkje tilrådeleg fordi det pr. i dag er behov for oppretthalde bemanninga for å kunne legge til rette for best mogleg læring og å handtere åtferdsutfordringar, ulike sosiale utfordringar og å oppretthalde eit trygt og godt skulemiljø. 

Til saman gjer dette at det kan bli vanskeleg å levere forsvarlege tenester. Konsekvensen blir at vi må ta ned driftsnivået ved å redusere opningstider og ha meir stengt i feriar. Vi kan ikkje halde fram med same driftsnivå som i dag, når vi ikkje har økonomiske ressursar til å dekkje utgiftene til bemanning. "

Så kjem spørsmålet, om Ørsta kommune alt brukar mindre pengar på grunnskuleområdet enn samanlikningskommuner og drifta er effektiv (i deira syn), kvifor endre det då til at det blir uforsvarleg å drive? 

Eg vil ha ein forsvarleg skulekvardag både for bornet mitt og for dei ansatte i skulen!

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Hildegunn Håvoll fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...