Nei til høghus på Mylna
Underskriftskampanje retta til Ulstein Kommune v/kommunestyret, mot meir «forboksing» av Ulsteinvik sentrum og det foreslåtte Mylna-prosjektet med heile seks og sju etasjar.
Vi er ikkje i mot utvikling (!), men meiner at ein plan og krav til private initiativ burde ha vore tilstades før ei godkjenning av utbyggingar i sentrum!
Ved å fokusere på integrering av boliger med områdets naturlege og kulturelle aspekt, og ved å fremje sosial interaksjon og rekreasjon, kan vi skape eit meir engasjerande, levande og berekraftig miljø. Ein stad der folk vil bo, arbeide og jobbe - eller kanskje berre besøke.
Vi håper kommunestyret vil ta desse undersrkiftene i betraktning, og vi ser frem til å sja en utviklingsplan som reflekterer ei balansert tilnærming til vekst, bevaring og samfunnsutvikling
Tonje Ytrebø Kontakt personen bak underskriftskampanjen