Nei til Bygdalista sitt forslag om å svekke Vågå kulturskule og kulturfeltet!

Vågå kommune skal kutte mellom 15-18 stillingar. Som ein del av denne innsparinga har Bygdalista og Arbeiderpartiet stemt inn eit forslag om å omorganisere kulturskulen. Sitat frå forslaget: «…omorganisere kulturskulen i Vågå ved å gå i dialog med lag og foreiningar for å kartlegge moglegheitene for å lage forpliktande avtalar for tilbod om opplæring og aktivitetar, samt finne eit system der for eksempel rektor ved ein av skulane på bakgrunn av rapportering frå aktørane er ansvarleg for å sikra at aktiviteten er innafor dei krava kommunen har stilt.»

Kva trur politikarane vil skje med desse ressursane i bygda dersom lærarane mister den stabile delen av arbeidet sitt, som er kulturskulen? Skal det forventast at ein grunnskulerektor skal organisere tilbod, samarbeide med kulturmiljøet, og ha fagleg og pedagogisk kontuinitet med lærarane, i tillegg til sin ordinære jobb? Lag og foreiningar utgjer ein viktig del av kulturlivet i Vågå kommune. Kulturskulen og lag og foreiningar utfyller kvarandre, dei underviser på ulike vis, og i mange ulike uttrykk. Til saman gjer dei Vågå til ei mangfaldig bygd å vekse opp og leve i, og alle som vil kan ta del i dette. Det pratas stadig om korleis vi kan stoppe nedgangen i innbyggartal. Dette hjelp ikkje!

Vågå kulturskule er lovfesta gjennom grunnskulelova  §13-6. : «Alle kommunar skal aleine, eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit musikk- og kulturskuletilbod for barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles».

Forslaget til Bygdalista er med på å svekke både kulturskulen og alle lag og foreninger på sikt, og syner til haldningar om at kunstfagleg utdanning ikkje er verdt noko. Meiner verkeleg politikarane at kultur og kunstfagleg opplæring er så lite verdt?

 

 

 

 

 

 

IMG_20171120_220813.jpg


Live Visdal, Vågå kulturskule    Kontakt personen bak underskriftskampanjen


ELLER

Din e-postadresse vil ikke bli publisert på vår side. Uansett, så vil forfatteren av underskriftskampanjen se all informasjon du oppgir i dette skjemaet.

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. Vennligst sjekk innboksen din (og søppelpostkassen).
Facebook