Kva bør me gjere med Bygdepride i Kviteseid? I år, i framtida? Forslag til den kommunale arrangementkomitèen:

1, Kall det noko anna, for slik å markere at me verkeleg definerer innhaldet heilt og haldent sjølve. Bygdestolt. bygdemangfald, bygdetoleranse, bygdemoro. Kva som helst anna enn merkevara Pride.

 

2, Utdjup kvifor de ikkje knyter verken årets eller evt. framtidige arrangement til foreininga FRI. Dette ved å få fram at kjønnsteorien til FRI er ein radikal ideologi/trusretning, og dermed noko ein iallefall bør tygge svært grundig på før ein evt. svelger og integrerar. Ikkje minst gjeld dette dersom ein har ansvar for barn, t.d. som foreldre, lærar eller barnehagelærar.

 

3, Lat mangfaldsdagen i Kviteseid bli ein mangfaldsdag i Olav Holm si ånd, debattanten som ønska seg eit Kviteseid der det var plass til alle deltakarar i denne debatten. Og lat demokratiet ha gode vekstvilkår.

 

4, Lat mangfaldsdagen handle om noko meir enn "bare" seksualitet, som ei motvekt til vårt elles så seksualiserte storsamfunn. Eg nemner i fleng: etnisitet, funksjonsnedsettingar, hobbyar, religionar/livssyn (då sjølvsagt inkl. FRI sin kjønnsteori), unge, gamle, bygdefolk, byfolk, flyktningar, humanistar, samar, politikarar osb osb osb. (forslaget er sniklånt frå læraren Tormod Evensen, som 8. juni målbar i Drammens Tidende at ei slik tilnærming særleg vil gagne barn).

 

5, Gjer eit kommunestyrevedtak om å beskytte kommunevåpenet vårt, slik at nykjelholet (også kalla nykjelen?) ikkje lenger kan fargast etter eige forgodtfinnande. Jamfør praksis i nærliggande kommune Pride i Vinje får meir stønad – men nei til regnbogegeit. 

 

6, Lat det norske flagget vaie aleine på offentlege bygg, og lat dette vere symbolet som sameinar alt mangfaldet vårt. Det er ikkje naudsynt å "finne opp kruttet på nytt", og regnbogeflagget har dessutan eit heller eksplosivt potensiale, slik eg har forsøkt å sette ord på i dette innlegget i Vest Telemark Blad.

Underskriftene vil bli levert til kommunen 19. juli, og supplert med evt. resterande underskrifter 14. august


Gunhild Sveinsdotter Breidalen    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Gunhild Sveinsdotter Breidalen fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...