Kva bør me gjere med Bygdepride i Kviteseid? I år, i framtida? Forslag til den kommunale arrangementkomitèen:

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Innsending av 48 underskrifter i dag 14. august 2023. Det kom til 2 underskrifter etter 19. juli. Ein stor takk til dykk alle for at de signerte, og med dette deltok i den demokratiske prosessen kring Bygdepride i Kviteseid!

2023-08-14 17:56:14

E-post til Kviteseid kommune 14.8.23, med kopi til ordførar, kommunedirektør og skule-og barnehagefagleg rådgjevar

"Hei,

Som lova sender eg over lista supplert med dei resterande underskriftene per dags dato. 
 
Merk elles at ein del av dei som har signert ikkje har ynskja at namna deira skal synast online (dvs. på nettet). Dette gjeld følgjande signaturar i nummerert rekkefølgje: 2, 7, 8, 10, 11, 13, 17, 18, 20, 23, 24, 25, 29, 31, 40, 43, 47, 48. Eg ber om at lista handsamast varsamt, slik at deira namn og kontaktinformasjon også vert unnateke offentlegheita ved evt. framtidige spørsmål om innsyn. 
 
Alt godt,
 
Gunhild Sveinsdotter Breidalen".

Gunhild Sveinsdotter Breidalen

Innsending av 46 underskrifter idag 19. juli. Legg spesielt merke til at det ikkje lenger er tale om ein kommunal arrangementskomite! Oppmod gjerne nettverket dykkar til å skrive under, då ny versjon av lista sendast over til kommunen 14. august.

2023-07-19 13:31:00

Hei,

Sender over underskriftene til dei som så langt har signert oppropet mitt. Jamfør lesarinnlegg i Vest-Telemark Blad 20. juni 2023 I staden for å "kaste ungen vår ut saman med badevatnet", så tek me han heller trygt i armane våre. Og tryggar jenta på at ho er jente, og guten på at han er gut.
 
No har det rett nok blitt klargjort i ettertid, jamfør kommunestyremøtet 22. juni, at kommunen likevel ikkje er arrangør av Bygdepride. Slik sett er det vel ikkje lenger rett å tale om ein kommunal arrangementskomité. 
 
Men, i ljos av utviklinga elles i storsamfunnet og prosessen fram mot nemnte kommunestyremøte, meiner eg det er viktig å fortsette å snakke om desse tinga. Om ikkje anna for å påverke kommunen si tilretteleggjarrolle og evt. framtidige politiske avgjerder m.o.t. flagging, bruk av kommunevåpen osb. 
 
Vidare kunne ein ha håp om at kommunen legg til rette for at vert enkelt å få fritak frå undervisning og anna opplegg knytt til Pride/FRI sin radikale kjønnsideologi i skular og barnehagar. Evt. at det vart snudd på hovudet, ved at foreldre aktivt måtte etterspørre denne type undervisning/opplegg for sine barn (slik andre minoritetar i samfunnet ofte må gjere for å sikre sine barn t.d. morsmålsundervisning).
 
Til slutt vil eg gje dykk honnør for å rydde opp i ansvarslinene, ved å plassere arrangøransvaret der det høyrer heime. Eg håpar det er brei politisk semje om å fortsette langs denne lina. 
 
Alt godt,
 
Gunhild Sveinsdotter Breidalen
 
 

Gunhild Sveinsdotter Breidalen



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...