Vi krev at Fyrde/Høydal skal høyre til Stor-Øyra skulekrins

Kommentarer

#1

Høyringssvara: Både høyringssvar og avstemming blant foreldregruppa viser eit klart fleirtal for å dele krinsen på Kalvatn, der Fyrde/Høydal høyrer til Stor-Øyra skulekrins.

TOK og SFOløysing:
TOK stemte i mot fleirtalet begrunna i SFO/barnehage på Fyrde. Slik vi ser det i dag så er det ikkje realistisk å tenke SFO på Fyrde. Bla. på grunn av for lave elevtal, vi foreldra meinar at det ikkje er ei god nok løysing å ta våre SFO-born vekk frå klassevennar fordi dei skal sitte på ei tilsynsordning (ref. Sjurgaard 16.11.2020) saman med barnehagebarn. I tillegg til at vi ser på dette som ei usikker løysing som ved neste høve vil bli avvikla, då står vi igjen rådville og på bar bakke (sjå også intervju med Kongsvik 18.11.20 Volda kommune si facebookside der dei skal ha betydelige kutt i SFOtilbdet komande år).

Formannskapmøte:
Formannskapet støtta seg på TOK og stemte imot fleirtalet. AP uttalar:

– Vi kan ikkje alltid følge fleirtalet. Vi må sjå fleire sider, vi må løfte blikket og bruke politisk skjøn, og seie noko om kva vi meiner med bygdene våre på lang sikt. Å bygge eit sterk indre Volda er eit viktig moment, og å halde bygda samla ved at alle borna går på same skule. Og slik eg les høyringssvara er ein primært ønskje om å halde bygda samla.

1. Ikkje følge fleirtalet – Eg synes at det er skremmande at varaordførar kjem med slike uttalelsar – då spesielt i ei sak som så sterkt råkar små barn og familieliv. Også skremmande at han får støtte blant så mange folkevalde politikarar.

2. Om enn først vil bruke intensjonsavtalen som argument så vil eg også trekke fram at ein samtidig kan lese ut av avtalen at det skal leggast tilrette for utvikling og brei deltaking i den nye kommuna. Det gjer enn vel neppe ved å tvinge ei folkegruppe til å gjere kvardagen deira betraktelig vanskelegare å dårlegare.

Vi ønske alt vel for dei Viddal/Bjørkingane og dei frå Osdal/Kalvatn som får ein forbetra kvardag med å høyre til Hornindal. Vinn-vinn. Såleis opplev eg at "gamle Austefjord skulekrins" imøtekjem intensjonsavtalen. - Men eg forstår ikkje at fleire politikara fortsatt held fast på at Fyrde/Høydal mot Hornindal er ei god løysing for oss, verken i dag eller på sikt. Då går enn imot eit sterkt fleirtal som gir fatale konsekvensar for moglegheita å vere ei småbarnsfamilie i Fyrde/Høydal krins.

Kongsvik seie på det tidlegare nemnte møte at:
- Dersom vi ser isolert på borna, og då undervurdere eg ikkje dei vaksne sine skyssutfordringa, då er skyssalternativet mot Hornindal vesentleg betre enn andre vegen for borna. Vi har og det økonomiske aspektet om 250.000 kroner som kommunen må betale i eigendel dersom borna skal skyssast til Volda

1. Dei meirkostnadane som Kongsvik refererer til her kom den gong med i forslaget fordi administrasjonen meinte at det var ein så liten kostnad i den store samanhengen, og at det var ikkje noko problem for dei å betale den. Dei valde å sette kostnaden inn tilrådninga for å gjere skyssen akseptabel opp mot krav for skyss for barneskuleelevar. Det er fylke sitt ansvar å gjere skyssen akseptabel ikkje kommuna. Fylke har i e-post til oss foreldra sagt at:

Først når krinsgrensene er sette og ein veit kva born som skal til kva skule, då kan ein sette opp eksakte bussar og busstider.

Vi vel derfor å tru at ein kan finne besparande løysingar i høve dei 250 000,- som er skisserte. Buss må det gå frå Høydal/Fyrde uansett løysing, har vanskar for å forstå at den skal vere gratis om den svigar nasa til høgre mot Hornindal i krysse på Fyrde, kontra om den svingar til venstre mot Volda. At det som var betrakta som velvilje frå Admin. den gong skal brukast i mot oss no, synes eg er veldig dumt.

2. I forhold til skysstidene mot Hornindal kan dei KUN vurderast bedre dersom krinsen er samla.
Skyssen startar i Høydalen - ca. 2 km kortare til Hornindal enn til Volda (med dei planlagde rutene rundt Måna).
- Dersom skyssen skal frå Høydal til Volda, stoppar den på vegen og tek med seg borna på Fyrde og Aurstad (på sikt også Hjartabygda?) så direkte til skulen.
- Dersom skyssen skal frå Høydal til Hornindal må den innom Fyrde, rundt Måna, vente på flettebussar for å så køyre til skulen.

Når det i praksis er 2 km som utgjer forskjellen på reise lengda, KORLEIS kan då skyssen bli vestenlegare bedre den vegen som inneheld ventetid og bussskifte?

Vi ønsker ikkje å påføre kommuna meirkostnadar med spsialavdeling i Austefjorden eller superutvida SFOtilbod på Grodås - vi ønske heilt enkelt å nytte oss av allereide godt etablerte tilbod ved Stor-Øyra skulekrins.

Vår kvardag
Det blir vist til eit ønske om å skape eit liv vidare i Austefjorden, eg legg ved ein skissert kvardag så kan du bedømme sjølv kva familieliv den nye ordninga legg til rette for:

Fleirtalet jobbar i retning volda/Ørsta, og ein vanlig skissert arbeidsdag er 0730/08.00 – 16.00/1630.

For å rekke jobb i Volda/Ørsta så må vi vere på plass i Hornindal kl. 07. Då kan vi rese oss til Volda/Ørsta og akkurat rekke jobb, med forbehald om at det ikkje er nokon hindringar i trafikken (les. snøkaos /veiarbeid som i desse dager er aktuelt). Etter endt arbeidsdag, kjem vi til Hornindal og skal hente born i barnehage/SFO 1700 .

Det vil seie:
▪Barnehage/SFO MÅ ha opningstidene 07.00-17.00, og det blir då 10 timar i barnehageog SFO/ skule for enkelte små kroppar. Sjølv har eg barn på 5mnd. og 2 år, eg er ikkje villig til at dei skal ha 9-10t. daga i barnehagen, det seie seg sjølv at som forelder vil du helder ha ei løysing som gir dei fleire timar heime med familien - på allereide korte ettermiddagar. Også for å kunne delta på familiesymjing, barnetrim, turgrupper osv.

▪ Med så små barn er vedtaket som blir fatta i kommunestyremøte med på prege meg og min familie ivertfall dei neste 16åra. Det er ikkje lenge sidan vi tok fatt på å bygge hus i Austefjorden, hadde vi visst då, det vi veit no, så hadde vi nok i størregrad vurdert andre plassa å busette oss. - Slik veit eg at opptil fleire potensielle småbarnsfamiliar/ ønska tilflyttarar også tenke. Eg er redd for at vårt aukande barnetal/nye heimar snur, om det du meinar er den beste løysinga skal bli ei permanent løysing for Fyrde.

▪Denne tvangen vil gi kvar familie ekstrautgifter på minimum 15 000 i året (i drivstoff) + auka bilforsikring knytt til kmstand + ekstra slitasje på bil. Til tross for utvida SFOtilbod(barnehagetider på Grodåst vil fleire måtte gå ned i stilling, då truleg i ei 80% stilling nokre år for å få kvardagen til å gå opp. Dersom ein går ut i frå ei årsinntekt på 400 000,- er det då snakk om at enn vil tape 80 000,-årleg + dei tidlegare nemnte utgiftene. Ikkje alle har økonomi til ei så stor endring på privatøkonomien.

Samla krins
I forhold til det punkte om at det er delte holdningar kring det å dele krinsen, så er det kun ei familie av familiane med born i skule/barnehagealder i Fyrdekrins som ønsker å høyre til Hornindal. Elles har fleire kunna tolkast vage i sine uttalelsar på dette då ein har ønska å behalde god stemning innad i bygda - vi har heile tida blitt signalisert at vi skal mot Volda og har ikkje ønska å lage unødige konflikter. Men fleirtalet er dokumentert i høyringsnotata og ved avstemmingar, så det skal ikkje ligge noko tvil på kva fleirtalet vil.

Min konklusjon: Det gagnar absolutt dei allerfleste om krinsen blir delt på Kalvatn. Fleirtalet på Kalvatn ønsker å høyre til Hornindal skule. Fyrde/Høydal burde høyre til Stor-Øyra Skulekrins. ved å gå for denne løysinga får 16 av totalt 20 familiar høyre til den skulen dei ønsker.

Janita Førde (Volda, 2020-12-14)

#6

Folkevalgt må høyre på ka foreldra meiner som er best for barna

Torgeir Høydal (Fyrde, 2020-12-14)

#15

Meinar at foreldra og ungane må bli haurde. Slik at familiane får ein kvardag ein kan leve med.

Bjørnar Fylling (Austefjord, 2020-12-14)

#22

Eg støttar at skueborna skal tilhøyre stor øyra krins, fordi at kvardagen til heile familien, til skuleborna, skal «gå opp» !!

Norunn Furnes (Austefjord , 2020-12-14)

#27

Borna må høyre til sentrum krinsen, mht det er her storparten av foreldre drar til for jobb.
Tannlege og lege, servicetilbud er i sentrum.
Fritidsaktiviteter har ein mest av i Volda/Ørsta.
Åpningstider til SFO og barnehage er pr i dag ikkje noko å skryte av. Dette gjev foreldre store utfordringar om dei skal pendle langt med bil for å hente borna si.
Større born som skal ha fritidsaktiviteter i Volda/Ørsta - kva med dei? Går det mykje busser mellom Grodås og Volda?
Det blir redusert bilkjøring for familiane med å ha skulen i sentrum Volda.
Til slutt så synest eg det er veldig trist at bygder og området skal få slike trasige utfordringer. Tema som omhandler born er sårt. Det har vert nok slikt i kommunen og sjølv har eg vert midt mellom to skulekretsar for 20 år sidan, med heftig debatt om korleis skolekretsen skulle bli.

Annita Søvik (Folkestad, 2020-12-14)

#30

Det er heilt forkastelig at småbarnsfamilier som etablerer seg utan for sentrum, skal få svi slik som dette. Eg bur sjølv på bygda, og er heilt avhengig av skule og barnehage her. Kvar er logikken og fornufta? Pipa hadde nok fått ein annan lyd om det var dei som har bestemt dette, det gjekk utover. Først legg de ned ein flott og velfungerande skule, og så skal barna attpåtil måtte til Hornindal! De frarøver borna og foreldra ein moglegheit til å ha ein normal kvardag, med fritidsaktivitetar og tid til å berre vere saman, istadenfor lyt dei bruke all tid i bil for å komme seg til og frå jobb og skule. La Fyrde/Høydal tilhøyre Volda!

Jeanette Eriksen (Folkestad , 2020-12-14)

#31

Ruben Dale

Ruben Dale (Austefjord, 2020-12-14)

#32

Foreldre må få bestemme over sine eigne ungar og kvardag

Monica Høydal (Austefjord , 2020-12-14)

#34

Når omtrent alle foreldre jobba i Volda:Ørsta so synst eg ongane også bør få fare den vegen. Galskap at dei må fare til Grodås når det kun er to familia som vil dit

Elisabeth Aam (Ørsta, 2020-12-14)

#37

Fordi det er heilt fullstendig uhørt at folk og Ungar skal få så lang pendleveg til skule/barnehage

Jonas Egset (Volda, 2020-12-14)

#42

Støtta saka fult ut siden eg er fra Austefjorden!

Oddbjørn Sundal (Austefjord , 2020-12-14)

#47

Fordi det er galskap av kommuna å gå inn for ei skuleordning på Grodås. Må få folk ut på bygdene igjen, å dei må ha det praktisk dei også😊

Roger Hovden (Hovdebygda, 2020-12-14)

#53

"MÅ - fordi tidsklemma og kvardagen ikkje går opp dersom ein må til Hornindal og levere borna i Barnehage/SFO før ein skal vidare til Volda/Ørsta på arbeid. Sjølv med utvida Barnehage- og SFO-tider i Hornindal blir det vanskeleg/umulig å gjennomføre.

- Det fører til 80 km EKSTRA køyring pr. dag pr familie. 4 mil ekstra kvar morgon og 4 mil ekstra på ettermiddagen.

- 10t i barnehage eller SFO/skule på borna - som strider mot kommunen sine eigne retningslinjer og barnets beste."

terje Førde (Volda, 2020-12-14)

#57

Dersom born må til Hornindal, og min arbeidsstad er i Volda sentrum, blir det vanskelig å flytte tilbake til Austefjorden.

Ida Sofie Håvik (Håvika, 2020-12-14)

#58

Jeg signerer fordi jeg er fullstendig enig i alle punktene som foreldrene bygger kravet sitt på. Jeg vil at mine besteforeldreunger skal ha mest mulig tid med sine barn, og slippe milevis med ekstra kjøring.

Solbjørg Leite (Austefjorden, 2020-12-14)

#68

Eg meiner att det er heilt uhørt å sende barna i motsatt retning av kor fleirtalet av familiene ønskjer.

Usette barna for større belastning med tanke på lengre dager/reise. Nesten alle jobber i retning Volda.

Lars Gunnar Helset (Bjørkedalen, 2020-12-14)

#83

Jeg signerer for jeg har vokst opp i Austefjorden.

Kaisa Fossheim (OSLO, 2020-12-14)

#92

Som barnehagelærer og med eit stort ønske at born skal ha det best mogleg så signerer eg på dette. Eg ynskjer for desse borna at dei skal sleppe å bruke så mykje tid i bil grytidleg om morgonen og på sein ettermiddag etter ein lang dag på skule/sfo. Tenk kor mange timar dette blir for dei i løpet av eit år! Og også ein stor del av barndomen til desse borna. Ein må tenke på borna sitt beste, og for dei er det best om dei får denne tida til å leike og vere saman med familie/vener! Eg veit sjølv kor lett born sovnar i bil, så dette vil også gå ut over søvnrytma til borna og gjere dei uopplagte og ukonsentrerte på skulen. Det er vår plikt som vaksne å skape gode dagar for borna, dei er for små til å avgjere noko sjølv! Tenk på borna sitt beste! Dei er framtida vår!

Astrid Benedikte Farstad (Ørsta, 2020-12-14)

#110

Det er en kjempe viktig sak! Å vi foreødre blir overkjørt!

Linn kristin Leite høydal (Volda, 2020-12-14)

#112

Lytt til dei som veit kvar skoen trykker!
Gjer det mogleg å bu på bygdene!
Familiene i Austefjorden er viktige bidragsytarar av viktige tenester og funksjonar i Volda kommune. Vis at de ser dette gjennom å legge til rette for at dei kan halde fram i arbeidet sitt!
Ta omsyn til folkehelsesidene i denne saka, ta ned reisetid når det faktisk er mulig, og gje born og vaksne færre timar i bil og skulefritidsordningar!

Siv Aurdal (Volda, 2020-12-14)

#113

Fordi de er galskap og flytte skulane ut av bygdene

Nikolri Brenne (Folkestad, 2020-12-14)

#114

Lytt til folket som bur i austefjorden!

Michelle Holvik (Ørsta, 2020-12-14)

#122

Eg ønsker det beste for barna og foreldra!

Dagrun Nilsen (Volda, 2020-12-14)

#130

Best for ungane, best for foreldra.

Jan Roger Hamre (Volda, 2020-12-14)

#137

Barna mine har søskenbarn som blir råka.

Janne Grini (Volda, 2020-12-14)

#146

Eg meinar at politikarane må høyre på foreldra! Dei veit best kva som er best for ungane sine!

Ann Elin Høydal Myklebust (Ørsta, 2020-12-14)

#149

Barnas beste bør stå i sentrum! Dersom ein vil bevare levande bygder bør ein tilrettelegge for ein overkommelig kvardag for dei som bur der.

Ingvild Oksavik (Volda, 2020-12-14)

#150

Jeg signerer fordi det er begått en urett mot flertallet av foreldra i området

Norleif Høydal (Austefjorden , 2020-12-14)

#155

Det er sjølvsagt.

Elisabeth Aasen (Volda, 2020-12-14)

#158

Jahn Oscar Høydal signerear fordi høydal og austefjord skall kunne høyre ril øyra skulekrins.

Jahn Oscar Høydal (Høydal, 2020-12-14)

#161

Jeg mener kommunepolitikere i Volda i denne saken overkjører lokalbefolkningen.

Janne Tove Løken (Jaren, 2020-12-14)

#163

Hårreisende 🤔

Trond Holen (Sæbø, 2020-12-14)

#166

Det er vanskeleg å sjå at det er bornas beste som ligg til grunn her.

Helle Ulvestad (Ørsta, 2020-12-14)

#167

Fordi fornufta tilseier at fleirtalet her bør bli hørt. Vedtaket strider mot alt av logikk!
Å tvinge folk på denne måten er heilt galskap !!

Jan Øystein Holsvik (Austefjord, 2020-12-14)

#169

Eg er ein av dei som vil få problemer med det her i framtida når eg sannsynlegvis får eigne unger.

Vebjørn Berg (Austefjorden, 2020-12-14)

#171

Jeg signerer fordi jeg kjenner folk som blir berørt av dette og som gjør hverdagslivet vanskelig. Jeg vil støtte opp om Austefjorden

Hanne Matthiesen Iversen (Bergen, 2020-12-14)

#175

JA TIL AT FYRDE/HØYDAL SKULEKRINS SKAL HØYRE TIL STOR-ØYRA SKULEKRINS

Trond Ryslett (Austefjorden, 2020-12-14)

#180

Eg signerer fordi eg veit at dette vil lette kvardagen til desse foreldra . Har sjølv budd i Austefjorden og køyrt ungane på skulen pga veg uten gatelys og forgjengarfelt . Men dette er så mykje meir . Gje dei valget

Anne Kristin Faratad Skare (Volda, 2020-12-14)

#182

Einig i synspunkta som er komme fram.

Harald Leite (Fyrde, 2020-12-14)

#192

At eg meiner at her må politikarane prøve å ha med seg både hjerte og hode, og sette barna først!!! Dei aller fleste av foreldra har jobb i Volda, og det betyr at det blir mange timar i bil som heller kunne brukast til noko anna. Tenk på dette!!

Bjørg Edel Farstad Hustadnes (Volda, 2020-12-14)

#193

Tungvint for foreldre å måtte kjøre til Hornindal for å levere barn på SFO for å returnere til Volda på jobb.
Lange dager for ungene.

Janne Arntsen (Volda, 2020-12-14)

#194

Det er det eneste riktige når skulen først skal legges ned.

Per Rune Førde (Fyrde, Austefjorden , 2020-12-14)



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...