Vi krev at Fyrde/Høydal skal høyre til Stor-Øyra skulekrins
Kommunestyret i Volda gjekk 26.11.2020 i mot eit kraftig fleirtal då dei bestemte at Fyrde/Høydal skulekrins skal høyre til Hornindal og ikkje Stor-Øyra skulekrins.
14 av 17 familiar med born i barnehage/skulealder i desse krinsane har uttalt at dei ønsker/MÅ høyre til Volda.
MÅ - fordi tidsklemma og kvardagen ikkje går opp dersom ein må til Hornindal og levere borna i Barnehage/SFO før ein skal vidare til Volda/Ørsta på arbeid. Sjølv med utvida Barnehage- og SFO-tider i Hornindal blir det vanskeleg/umulig å gjennomføre.
- Det fører til 70-80 km EKSTRA køyring pr. dag pr familie. Ca.4 mil ekstra kvar morgon og ca. 4 mil ekstra på ettermiddagen.
- 10t i barnehage eller SFO/skule på borna - som strider mot kommunen sine eigne retningslinjer og barnets beste.
- Inga rom eller overskudd for fritidsaktivitetar
JA TIL AT FYRDE/HØYDAL SKULEKRINS SKAL HØYRE TIL STOR-ØYRA SKULEKRINS
Janita Førde Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Kunngjøring fra administratoren av dette nettstedetVi har avsluttet denne underskriftskampanjen og har fjernet underskrivernes personlige opplysninger.EUs personvernforordning (GDPR) krever en legitim grunn for lagring av personlig informasjon, og at denne informasjonen lagres kortest mulig. |