PÅ TIDE Å RYDDE I FHYTTESAKA

I 2016 fekk partileiar Liv Signe Navarsete følgjande melding frå ein guttegjeng på tur: «Vi har lyst på fitta di». 

Denne saka blei det aldri rydda opp i. Liv Signe fekk inga unnskylding. Guttegjengen beskytta kvarandre ved å halde munn. 

Og gjett kva: Det fungerte visst?

 

I 2023 sit to i denne guttegjengen i den norske regjeringa.

Norges forsvarsminister, Bjørn Arild Gram, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har ved  sitt tiande samtykke stått bak ei melding som er så fråstøytande og grov at ein mistar munn og mæle. Utan å rydde opp etter seg. Og det til ein norsk partileiar.

 

Våren i 2023 måtte Anette Trettebergstuen (Ap) gå av som kulturminister fordi ho ikke hadde naudsynt tillit etter å ha foreslått venner til betalte posisjonar.

Ryddig nok.

Men kvifor blir det stilt ulike krav til standard frå ulike statsrådar? 

Norge kan ikkje vera kjent med å ha politikarar som får lov til å sitje ved makta etter å ha trakkasert ein kvinneleg partileiar på det grovaste.

 

Eg er bare ein vanleg borgar som ikkje orkar å stå og sjå på denne stygge gutteballetten. No er det på høg tid å bruke stemma si og makta me har som deltakarar i eit samfunn. 

 

Eg har laga eit opprop, støtt det om du også ønskjer eit levande #metoo og eit samfunn som ikkje aksepterer seksuell mobbing.

 

Hjelp oss å røyke kameraderi og fhyttegjengar ut av politikken! 

 

#GårTrettebergstuenGårGram #GårTrettebergstuenGårBortenMoe 

 

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Mari Folven fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...