Bevar Heimtun

I budsjettet for neste år er det foreslått å legge ned Heimtun. Heimtun er eit ettervern tilbod til rusavhengige der ein kan bu over ein periode og få hjelp og støtte til å klare ein rusfri kvardag. Etter brukeren er flytta ut får dei videre oppfølging. Heimtun følger også opp rusavehegige i heimen. Både brukere, ansatte og politi har offentlig sagt at dette er eit godt tilbud og det vil få konsekvensar for rusmiljøet på Stord dersom dette tilbodet vert avvikla.

Dei ansatte gjere ein fantastisk jobb og samansettninga av høg kompetanse, dyktige medarbeidarar og stort engasjement og empati for dei svake i samfunnet har stor betydning for brukarane og pårørande. Dei jobbar forebyggende og målretta og har hatt stor suksess med å hjelpe menneske å få ein ny start. Heimtun har og ei rolle som avlaster for andre avdelinger i kommunen og det er Heimtun som administrerer LAR medisinering i helger og helligdager. Dei ansatte er på jobb døgnet rundt og strekker seg langt for brukarane og rusomsorgen på Stord.

 

Skriv under på at Stord trenger Heimtun, lokalsamfunnet trenger Heimtun. Dei rusavhengige trenger Heimtun. Dei pårørande treng Heimtun. Vi håper at politikarane får augene opp på kor viktig Heimtun er og den fantastiske både synlige og usynlige jobben denne tenesta yte, og som saman med andre tenester gjennom eit godt samarbeid, er med på å gjere Stord kommune til ein av Norges beste innan rus og psykisk helse. 


LINDA MARIE NORDTUN-KRISTOFFERSEN    Kontakt personen bak underskriftskampanjen