Nei til Klubben II
Kontakt personen bak underskriftskampanjen
I dag går høyringsfristen ut!
2018-06-27 07:04:35I dag går høyringsfristen ut. Merknadane frå Eldrerådet og Naturvernforbundet seier eit klart nei til vidare arbeid med planen for Klubben II. Det same gjer fylkeskommunen! Samfunnsutvalet har gjort det same. Vi har fått inn 469 underskrifter så langt her på nett og 165 på papir. Desse vil bli gitt til ordføraren saman med ei sterk oppmoding om at også han snur i saka.
Tusen takk til alle som har signert og delt! Oppropet her blir ståande framover, så oppmod gjerne fleire om å signere.
Vi les i gårsdagens Møre Nytt om masterplan for reiseliv i Ørsta med cruiseskip-kai i Ørsta sentrum. Tenker ein då at eit stort og skjemmande masseuttak midt i fjorden skal vere det første synet ein møter? Nei, her håper vi politikarane har hjartet på rette staden.
Ha ein fin dag!
Aud - for Digernes grendalag
Aud Standal Digernes
Ein første seier
2018-06-05 20:25:08Med seks mot ei stemme stemte i dag samfunnsutvalet nei til Klubben 2! Vi tillet oss eit stille hurra og håper de er med oss i kampen vidare. Snakk med ein politikar nær deg, be om signaturar frå meiningsfeller! Lat oss saman ta vare på hjartet i Ørstafjorden!
Tusen takk for støtta♡ Den varmar!
Aud Standal Digernes
Legg til e-post!
2018-06-01 16:09:39Eg ynskjer at de legg til e-postadresse slik at underskriftskamanjen blir gyldig. Eg trur det er nødvendig. Dette kan de gjere ved å redigere signaturen. Kun eg har tilgang til adressa, og eg kjem ikkje til å bruke den til anna enn ev å gjere underskriftene gyldige. Eg ser liknande kampanjer har krav om e-postadresse. Om dette ikkje stemmer, vil eg gjerne ha melding om det!
Aud Standal Digernes