Suel høyrer heime hos oss!
Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Oppdatering i saka til Suel
2023-08-11 08:34:32Tusen takk til alle som har skrive under, og delt oppropet! Det gjorde ein stor forskjell!
Suel vart ikkje deportert den 08.08.23. Dette betyr dessverre ikkje at det er sikkert at han får bli verande her hos oss. Om nokre månadar går han til sak mot staten. Derfor er det viktig at vi fortsetter å spreie oppropet, og at vi held engasjementet oppe, slik vi kan vise at vi er mange som synest det er feil at han skal deporterast. At vi er mange som meiner at han høyrer heime her i Noreg.
For meir informasjon og oppdateringar i saka, besøk https://rettferdforsuel.no. Der finn de óg link til spleis for sakskostnadane.
Tusen takk igjen <3
- Emilie
Emilie Hansen