Suel høyrer heime hos oss!

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Endeleg rettferd for Suel?

2025-10-16 18:32:28

Fleire representantar frå ulike politiske parti vil no gå saman i eit forsøk på å finne ei løysing for Suel.
 
Del gjerne lenkene til innslag på TV eller Radio.  
 
 
Høyr om saka på NRK radio 
 
Korleis kan du hjelpe?
Vi kjempar vidare for at Suel skal få opphald i Noreg, og for at dei som har makt til å påverke saka vert nådd. Vi ønsker nasjonal merksemd, og har derfor laga ein video som fortel Suel si historie. 
 
Håper flest mogleg kan sjå og dele videoen her:
Facebook: 
 
TikTok: @joda_media 
Snapchat: @joda_media 
Instagram: @joda_media 
YouTube: @joda-media 
 
Venleg helsing
Støttegruppa Rettferd for Suel

Emilie Hansen

Del informasjon for å få fokus på saka

2025-10-07 14:11:38

I 2023 vart dette oppropet oppretta til støtte for Suel Kassembo. Sidan den gong har Suel si sak vore gjennom det norske rettssystemet, og vidare vorte nekta behandling i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Suel sit framleis i kyrkjeasyl i Herøy kommune.

Vi i støttegruppa Rettferd for Suel forsøker no å få nasjonalt fokus på saka, slik ein kan få til ei politisk løysing. Håpet vårt er at når mange nok ser uretten som Suel er utsett for, vil uretten bli retta opp. Du kan hjelpe oss med å få til dette.

Vi håpar du kan dele nettsida suel.no på dei ulike sosiale medium- og kommunikasjonsplattformene dine. På denne nettsida deler Suel historia si: Frå grunnen til han måtte flykte heimanfrå, til den mangeårige kampen for opphold i Noreg.

Håper du vil hjelpe oss å dele Suel si historie, for å få fokus på saka og rette opp uretten!

Venleg helsing,
Støttegruppa Rettferd for Suel


Emilie Hansen

Ny oppdatering i saka til Suel

2025-04-02 13:23:11

Rettferd for Suel
Denne e-posten går ut til alle som har signert oppropet for Suel Kassembo.
Nok ein gong hjarteleg takk til alle for støtta ❤
 
Stjernekonsert
Søndag 6. april stiller fleire artistar gratis opp på konsert i Fosnavåg, der Suel sit i kyrkjeasyl. Mellom artistane er også Anita Skorgan og Karoline Krüger, som begge er sterkt engasjert i saka. Dette vil bli ei flott oppleving, og vi håper du som les dette ønsker å vise støtte til Suel ved å kome på konserten. Les meir om konserten på www.rettferdforsuel.no 
 
Kvar står Suel si sak?
Suel vann ikkje fram i lagmannsretten, og saka har fått avslag på å bli handsama i høgsterett. Støttegruppa jobbar vidare på fleire måtar for at Suel skal få bli. Det har vore mange feil i behandlinga av Suel si sak, og staten før rette opp i desse feila. Dersom det ikkje blir løysing på anna vis, vil det blir vurdert om saka skal takast til den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.IMG_1954.jpeg

Venleg helsing
Støttegruppa Rettferd for Suel


Emilie Hansen

Suel Kassembo til sak mot Staten v/UNE

2023-11-16 09:33:16

Torsdag og fredag neste veke, 23.-24. november, vert det rettssak ved Oslo tingrett. Rettssaka er ope for publikum, og eg har sjølv tenkt å vere der torsdags morgon for å vise mi støtte. Meir informasjon om rettssaka finn de her

Teksta nedanfor er henta frå Rettferd for Suel:

Rettssak 23.–24. november i Oslo tingrett

Suel Kassembo har levd som ikkje returnerbar i 19 år. UDI trudde han laug om opphav og alder. Difor fekk han avslag på søknad om opphald og vedtak om utvising. Det er no bevist at Suel har snakka sant heile tida. I staden for å innrømme feil i sakshandsaminga si vil staten v/UNE no sende han til Burundi, landet han flykta frå når heile familien hans vart drepen. Hadde norske myndigheiter trudd på han for 19 år sidan hadde han mest sannsynleg fått norsk statsborgarskap.

Suel går no til sak mot den norske stat v/UNE, etter at innsamlingsaksjon og ulike støttearrangement har skaffa pengar til å gjennomføre rettssak. Utlendingsnemnda sitt vedtak om avslag på opphaldsløyve og utvisingsvedtak skal prøvast for retten.

Alle som er interessert kan kome og følge med – saka er open for publikum og går torsdag og fredag 23.–24. november i Oslo tingrett. Meir informasjon om dette ligg på www.domstol.no .

Alle som kjenner saka ristar på hovudet. Ingen ser rettferda i at han ikkje får bli. Suel har heile tida snakka sant, men myndigheitene har skulda han for løgn i 19 år. Likevel meiner UNE dei ikkje må stå til ansvar for feilen, det er Suel som må ta støyten. Dessverre kan det vere manglar i lovverket som gjer at det er sjanse for at staten vinn saka og sender Suel tilbake til Burundi. Folk kan vise si støtte til Suel si sak ved å møte opp som publikum under rettssaka.

Suel si sak er ikkje eineståande. Den siste tida har vi høyrt mange urovekkande saker om ureturnerbare personar. Personar som av ulike grunnar ikkje har identitetspapir. Når staten ikkje veit kvar ein person kjem frå, vert vedkomande «ureturnerbar», sidan staten ikkje veit om vedkomande har rett på opphald, og heller ikkje veit kva land vedkomande eventuelt skal sendast heim til. Dermed blir menneske verande i limbo, utan rett til arbeid, skulegang, helsetenester og økonomiske velferdsytingar.

Det har gjort stort inntrykk på mange å høyre om unge ureturnerbare asylsøkarar som berre forsvinn frå asylmottak. Ingen veit kvar dei er blitt av. Suel kunne ha vore ein av dei, men han har valt å bli og kjempe for saka si sjølv om han har hatt eit vedtak om utvising hengande over seg. Han har enorm støtte i nærmiljøet, berre på Runde med knapt 100 fastbuande er det blitt samla inn over 100.000,- kroner til å dekke rettssaka.

Mange har tatt til orde for at lovverket og UNE si tolking av lovverket må endrast for at Suel og andre i tilsvarande situasjon skal få ei rettferdig handsaming. No har vi ei sak der eit heilt samfunn står bak og støttar ein ureturnerbar – det er sjeldan ein ureturnerbar får anledning til å føre saka si mot staten. Ein siger for Suel vil vere ein siger for mange si same situasjon. Det kan opne for ei meir rettvis handsaming av denne gruppa, noko som vil medføre at talet på unge asylsøkarar som blir sporlaust borte kan gå ned.

 


Emilie Hansen

Oppdatering i saka til Suel

2023-08-11 08:34:32

Tusen takk til alle som har skrive under, og delt oppropet! Det gjorde ein stor forskjell!

Suel vart ikkje deportert den 08.08.23. Dette betyr dessverre ikkje at det er sikkert at han får bli verande her hos oss. Om nokre månadar går han til sak mot staten. Derfor er det viktig at vi fortsetter å spreie oppropet, og at vi held engasjementet oppe, slik vi kan vise at vi er mange som synest det er feil at han skal deporterast. At vi er mange som meiner at han høyrer heime her i Noreg.

For meir informasjon og oppdateringar i saka, besøk https://rettferdforsuel.no. Der finn de óg link til spleis for sakskostnadane. 

Tusen takk igjen <3 

- Emilie


Emilie Hansen



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Opprop.net vil annonsere dette oppropet for 3000 personer.

Lær mer ...