Administrerande direktør foreslår ein endringsprosess der Føde- og gynekologisk avdeling på Stord og Haugesund skal slås saman under ein klinikk med felles avdelingsleiar. Det er foreslått at jordmødrer skal rullera mellom fødeavdelingane på Stord og Haugesund. Me fryktar at denne endringsprosessen er ein veg mot ei gradvis nedbygging, og på sikt nedlegging av lokalsjukehuset på Stord.
Me er uroa for at ei felles avdelingsleiing, utan stadleg leiing, kan føre til at behova ved Føde- og gynekologisk avdeling på Stord blir mindre synlege og får mindre gjennomslag. Når avdelinga ligg under kirurgisk klinikk i Haugesund, fryktar me at utfordringane og behova våre lettare kan bli oversette. Me meiner det er avgjerande med stadleg leiing som kjenner avdelinga, fagmiljøet og pasientgrunnlaget, og som kan sikre at Stord sine behov blir høyrde og tekne på alvor.
For dei som jobbar ved fødeavdelingane, vil ei eventuell samorganisering og rullering mellom Stord og Haugesund kunne føre til ein meir krevande og uforutsigbar arbeidskvardag. Ulike rutinar, fagmiljø og lokale forhold krev dessutan at ein stadig må tilpasse seg ein ny arbeidskvardag. Me er uroa for at dette kan gjere det vanskelegare å behalde erfarne jordmødre, og rekruttere nye fagfolk til ei teneste som allereie er sårbar. Gode og forutsigbare arbeidsvilkår er ikkje berre viktig for dei tilsette, men også for å sikre eit stabilt fagmiljø og eit trygt fødetilbod for kvinnene i regionen.
Sjølv om det i utgangspunktet er sagt at endringsprosessen ikkje skal påverka sjølve fødetilbodet på Stord, fryktar me at ei samorganisering kan svekke avdelinga på sikt, som kan føre til at fødetilbodet blir lagt ned. Ei slik utvikling vil få store konsekvensar for fødekvinnene i regionen. Mange har allereie lang reiseveg til nærmaste fødetilbod. Dersom fødetilbodet på Stord forsvinn, vil fleire få endå lengre og meir uforutsigbar reiseveg i ein situasjon der tid, tryggleik og nærleik kan vere avgjerande.
Vi ber difor Helse Fonna og administrerande direktør om å leggja bort samanslåinga av føde- og gynekologisk avdeling på Stord og Haugesund, og å vidareføra to sterke, sjølvstendige avdelingar. Avgjerda skal gjerast innan 31. oktober, og den må ta utgangspunkt i tryggleik og nærleik for pasientane, samstundes trygge og forutsigbare arbeidsvilkår for dei tilsette.
Det som trengst no, er ikkje ein prosess som svekkjer tilbodet steg for steg, men ei tydeleg avgjerd som sikrar fødetenester og gynekologisk kompetanse i begge sjukehusa. Berre slik kan ein halda oppe eit trygt, forutsigbart og reelt nærtilbod for kvinner og familiar i regionen.