Suel høyrer heime hos oss!

UNE bestemte at Suel måtte forlate landet tysdag 08.08.23. Takka vere stort engasjement frå fleire hold, og fleire tusen underskrifter her, vart Suel ikkje sendt ut av landet den dagen! Tusen takk til alle som har signert så langt! Kvar ei stemme tel!

Likevel er det framleis ikkje sikkert at Suel får bli hos oss. 23. og 24. november går han til sak mot staten. Derfor er det viktig at vi fortsetter å engasjere oss, slik det er tydeleg at det er mange som synest det er feil at Suel skal deporterast ut av Noreg etter 19 år her.

Suel flykta til Noreg som 16-åring, då foreldra og systra hans vart drepne, og heimen i Burundi var under angrep. Dette fortalte han då han kom til Noreg. Norske myndigheiter derimot meinte han var 19 år, og kom frå eit anna land. Om han hadde vorte trudd då han kom i 2004 hadde han fått opphold, og truleg vore norsk statsborgar i dag. No har det kome fram bevis på at Suel snakka sant den gongen. I staden for å innrømme at ein feil vart gjort i 2004, ønskjer UNE no å sende Suel ut av landet. Dette er umenneskeleg, og ein forferdeleg urett.

Suel har budd i Noreg sidan 2004, og er ein viktig del av lokalsamfunnet i Herøy kommune. Han høyrer heime hos oss i havgapet! 

Signer oppropet for å vise di støtte!

____

For meir informasjon om saka, og link til spleis for kostnadane for rettsaka, besøk:

https://rettferdforsuel.no

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Emilie Hansen fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...