ULO - Uføres Landsorganisasjons kamp for uføres rettigheter


Gjest

/ #425 Regjeringen Solberg har tatt bostøtten fra de mest psykisk syke i Norge og nå skal de ta trygden

2019-04-07 15:02

Høyring. Rettar opp utilsikta følgjer av nye uførereglar.
Me vil fyrst visa til at Mental Helse ikkje er på høyringslista til denne høyringa. Mental Helse Hordaland vil likevel senda høyringsbrev. Dette avdi me meiner at denne høyringa gjeld mange i vår målgruppe, jfr. det som og står i høyringsbr
I fjerde avsnitt der nivået på ung uføretrygd er omtala er det skrive at summen for ung ufør som er gift er kr. 390 469 og for einsleg 427 166. Dette er svært misvisande og kan lett oppfattast av lesar som den reelle summen på ung ufør. Det burde heilt klart stått kva summar som er gjeldande, nemleg kr. 257 708 for gifte og kr. 281 929 for einsleg. Dette bør rettast opp før saka går til politisk handsaming.
Vidare i dette kapittelet vert det vist til at talet på unge uføre har auka over tid, særleg på grunn av psykisk sjukdom. Det er ikkje drøfta om dette kan ha ein samanheng med Samhandlingsreforma, NAVreforma og at rusavhengige fekk pasientrettar. Alt dette etter innstrammingane i 1998 då ung ufør galdt frå fylte 24 år. Samhandlingsreforma peika på «rett yting» og mange som over år hadde sosialhjelp som einaste inntektskjelde, fekk no innvilga uførepensjon, truleg mange av desse og ung ufør. Ei rett utvikling for vårt velferdsamfunn.
Departementet er bekymra for auken i talet på unge uføre, og viser til at omgjeringsprosenten frå Trygderetten i 2015 var 48%. Det vert peika på at dette er problematisk for folketrygda sine utgifter. Sintef peikar og på at Trygderetten har eit anna syn på praktiseringa av regelverket enn det NAV har. Me meiner at NAV må retta opp i si sakshandsaming ut frå Trygderetten sin standard heller enn å laga nytt regelverk.
Det kan verka som departementet meiner at fleire unge vert uføre på grunn av ung ufør tillegget. Me vil hevda at unge vert uføre på grunn av dårleg helse.
Me ser for tida ei mistenkeleggjering av uføre som medfører at mange vert redde for å ta del i samfunnslivet. Dette kan hindra betring på sikt. Å bli sett ned på, mistenkeleggjort og mobba på sosiale medier, gjer ikkje sjuke folk friskare, men meir sjuke. Uføre skal ikkje stå med huva i handa og skamma seg for å ta imot ei rettmessig yting. I velferdsstaten skal ein yta etter evne og få ved behov. Sosialhistoria er full av døme og forteljingar om tidlegare tider då fattigfolk som vart avhenige av storsamfunnet «ikkje måtte koma for lett til bistand». Dei måtte «plagast» før dei kunne få hjelp. Denne høyringa minner mykje om tidlegare historie på området. Me meiner at dette lovforslaget og denne høyringa seier at ein «ikkje må koma for lett til det». Dei føreslegne endringane kan medføra ei ytterlegare nedbygging av velferdsstaten

Rikstrygdeverkets retningslinjer
Rikstrygdeverket har gitt en liste over sykdommer som anses alvorlige nok til å kunne gi rett til ung ufør:

Nedsatt funksjon som følge av alvorlige sykdommer i nervesystem eller muskelsystem, for eksempel alvorlig epilepsi, alvorlig cerebral parese eller lammelser
Nedsatt hjertefunksjon, for eksempel på grunn av medfødt uttalt hjertefeil
Respirasjonsfunksjon, for eksempel på grunn av cystisk fibrose
Alvorlig og utbredt hudsykdom, for eksempel sklerodermi
Alvorlig leddsykdom, for eksempel alvorlig leddgikt
Betydelig sansetap, for eksempel blindhet eller døvhet
Kronisk alvorlig sinnslidelse, for eksempel schizofreni
Massive angst-, tvangs- og depressive lidelser
Alvorlige psykosenære personlighetsforstyrrelser
Autisme
Alvorlig grad av Aspergers syndrom
De alvorligste tilfellene av ADHD
Listen er ikke uttømende.