Bevar naturen-og miljøet i Søre Øyane for framtida!

att.ED9Vezmjkkiyrr7gzREPncoa8oCt8wXnhd8Bhdqe-Ao_.jpeg

INKA AS planlegg å utvide og i denne prosessen har dei leigd inn konsulentfirma ABO PLAN&ARKITEKTUR AS, og detaljregulering er no sendt til offentleg ettersyn med frist for innspel 01.Oktober 2025.

Ved å signere dette oppropet seier ein klart ifrå at ein ynskjer å behalde LNF-og grøntområdet slik det er idag, og ikkje ynskjer at Elvadalen blir til industriområde.

Oppropet vil bli sendt til Bjørnafjorden kommune og Statsforvalteren som innspel til offentleg høyring.

Innspel kan og sendast på epost til post@bjornafjorden.kommune.no og merka med saksnr.: 24/66

Gards- og bruksnummer er 29/333, og kan nyttast til å søke opp eigedomen på kommunens heimeside for å finne saksdokument.

Inka AS har gått i frå å vera ei lita/mellomstor bedrift til å bli ei stor produksjonsbedrift med 156 ansatte i eige bygg (3107m2) i tillegg til leigde lokale.

Me etterlyser ei betre risikovurdering og konsekvensutgreiing for både natur og miljø.

I tillegg bør det foretas ei trafikkkartlegging.

Søre Øyane er i dag belasta med;

  • Utrygg veg/skuleveg 
  • Tungtransport på smale veger med få/små/uegna møteplassar 
  • Bruer/veg som er skada og slitt
  • Bruer/veg som ikkje er dimensjonert for tungtransport 
  • Auka persontrafikk (spesielt morgon/ettermiddag- til/frå jobb)

I området ein vil byggje ut i er ein i tillegg belasta med;

  • Støy frå Inka AS
  • Forurensing (utslepp i sjø, avfall,lurv)
  • Sjenerande lukt
  • Natur ødeleggelser/inngrep (Bygg,parkeringsplassar,kai)
  • Truck kjøring mellom Inka AS sine bygg

Nokre av desse sakene er meldt inn til kommunen/Statsforvaltaren og har vore omtala i media.

Bla.evakuering av bebuarar i Furulio ifbm.lukt og i sjøen ved Brattholmssundet er det oppdaga eit utsleppsrøyr som slepp ut mjølkelignande væske.

I området ser ein ofte eit kvitt/brunt og oljeaktig belegg som ser ut som fiskefett i sjøen, samt isopor både i sjø og på land.

Lokale fiskarar og firma er kontakta mht.forureining og avviser at det kjem ifrå dei.

Naturvernforbundet i Bjørnafjorden har varsla Statsforvaltaren om utslepp/forureining i sjø. Det er ingen firma som har utsleppsløyve iflg. Statsforvaltaren.

Det er også røyr for kloakkutslepp i sjø ifrå privathushaldningar. Har Inka AS også kloakkutslepp i dette området?

Ein bør kartlegge/avdekkje kvar forureininga i området kjem ifrå og iverksette avbøtende tiltak då sjøbotn ber preg av forureining etter mange år.

Både natur og miljø bør ivaretas betre for å sikre både dyreliv og fritidsfiske.

I følgje Os&Fusa posten vil det i byggjeprosessen bli 11.000 lastebillass berre for å transportere vekk massane frå Elvadalen!

I tillegg kjem auka transport i anleggs-og byggjefasen og Inka AS sjølv seier det vil bli 10 nye arbeidsplassar ifbm.utviding.  

Den planlagte utvidinga medfører at skog og turområdet med tursti i Elvadalen mot Kobbavågen vil bli fjerna og erstatta av eit over dobbelt så stort bygg som Inka AS har idag ifbm. fryse-/kjølelager.
(Sjå vedlagt Illustrasjonskart)

Det er planlagt veg for semitrailarar langs sida av bygget med snuplass for desse på baksida av det nye bygget. 

Ei utviding av Inka AS i Elvadalen vil medføre at Søre Øyane mister uerstattelig natur/grønt areal og det som idag er eit viktig tur og rekreasjonsområde for både lokalbefolkning og andre, og me håper ein kan finne alternative løysingar.

Området blir også nytta av born i Søre Øyane Naturbarnehage, Søre Øyane Skule samt ungdomselevar ved Kongshaug Musikkgymnas og me ynskjer med dette oppropet å beholde natur/grønt området for framtidige generasjonar, betre trafikksikkerheten,sikre skulevegen og ivareta Søre Øyane som den naturperla ein har.  

Turstien vart gitt i gåve og laga på dugnad.

Ein ny tursti ved sidan av eit nytt bygg og kjøreveg kan ikkje erstatte det fine natur/grøntområdet som er plassert i strandsona idag!

I dag veit ein kor viktig det er å bevare natur og miljø og derfør bør skog og myrområdet i Elvadalen fortsatt vera uberørt for å sikre ei bærekraftig utvikling. 

Me ynskjer ei redegjøring frå Bjørnafjorden Kommune/Statsforvaltaren på korleis det første bygget til Inka AS kunne byggjast i strandsona?

Kva vurderingar vart gjort ifbm. plassering av ei så stor produksjonsbedrift i eit lite lokalsamfunn med så dårleg infrastruktur?

Kvifor vart ikkje produksjonen plassert i eit meir egna industriområde?
Bedrifta er ikkje avhengig av sjøveg då all transport foregår i dag via tungtransport på veg.

Er det tilfelle at det eksisterande nye bygget/produksjonslokala til Inka AS vart bygd utan reguleringsplan, i strid med gjeldande kommuneplan (KPA) og utan politisk handsaming?

Er planen no å omgjere eksisterande reguleringsplan frå LNF (Landbruk/Natur/Friluft) område som no er underlagt strenge restriksjoner til industri område?

Administrasjonen i Bjørnafjorden Kommune fraråder utbyggjing iht.gjeldande regelverk.

Me ynskjer at dette oppropet skal gjelde for all framtid og eventuelle andre utbygginger i området, og at ved utbygginger i LNF området så må alle med postadresse Lepsøy få varsel fra Bjørnafjorden Kommune.att.tMyz_tlFSYU4XG2jtyoUqdI2TATKkay-Cz89ZLEBzsg_1.jpeg

Bilde_1.JPG
att.FgRKqQM60TbmPKk5WkBwZSXq6ykAeyF1dvwX80ZuVso_2.jpeg
att.q94PseP3tvdcqm5XFqMjX092XwrUBepMh_r-R5DLuB8_.jpeg

 

 

 

 

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Henny A. Berland vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi kommer ikke til å vise postnummeret ditt offentlig på nett.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke telefonnummeret ditt offentlig på nettet.

Jeg samtykker til at Henny A. Berland kan overlevere opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet til følgende parter:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...