Behald skulen på Ropeidhalvøya
Stå saman for barnehage OG skule på Ropeidhalvøya
Administrasjonen i Suldal kommune har no lagt fram eit revidert saksframlegg om å leggje ned Marvik skule frå 2026, trass i at Ropeidhalvøya i det opphavlege forslaget var halde utanfor. Dette framlegget kjem brått, med høyrigsfrist på 2,5 veker, og verkar lite berekraftig for dei yngste elevane.
Kommunen har sjølv slått fast at planen skal byggje på:
-
Vedteke mandat frå kommunestyret – som bestilte utgreiing av eit oppvekstsenter på Ropeidhalvøya.
-
Analyse av demografisk utvikling – som viser stabile og til dels aukande elevtal dei neste 15 åra.
-
Rapportar frå Norconsult og KS Konsulent – som understrekar at kvalitet og barn sitt beste skal vege tyngst.
-
Medverknad frå innbyggjarar, tilsette, føresette og barn – som no blir sett til side.
Vi meiner at barnehage og skule er grunnpilarar i eit levande lokalsamfunn. Eit oppvekstsenter på Ropeidhalvøya vil gje born korte og trygge skulevegar, stabile fagmiljø og høve for rekruttering av kvalifiserte lærarar. Nedlegging vil derimot føre til lange skuleskyssar, svekka nærmiljø og redusert attraktivitet for familiar.
Vi krev at kommunen held seg til sitt eige mandat:
Utgrei, planlegg og bygg eit oppvekstsenter på Ropeidhalvøya – ikkje legg ned skulen på halvøynå!
Kristen Haug Kontakt personen bak underskriftskampanjen
| Forfatteren har lukket dette oppropet. |