Opprop mot planting av klimaskog!

minisnekkaren

/ #48

2013-11-03 20:43

Hadde eg hatt muligheten så hadde eg planta skog. Men ein ting er sikkert, sitkagran hadde det ikkje blitt!

Eit døme, opp langs Hardangerfjorden var det frå gamalt av store skogar av Eik, den vart flittig solgt til England, då dei skulle bygge skip. Her kan ein plante Eik att.

På Osterøy er det i dag heilt ville mengder med Sitkagran, noko seier meg at Bergen i gamle dager ikkje vart bygd opp att av det treet, men Furu. Her kan plantast Furu og lauvskog.

Eit anna døme er dette: skal ein til å kose seg i verkstaden sin og bygga noko av treverk, så er ein overlaten til dårleg gran eller i beste fall ok Furu. Det måtte då vore makalaust for skogeigarar og bønder med store eigedommar å ha flotte skogar av ymse edellauv og furu! Kjempe material til alt mogleg som skal byggast i tre! Og ikkje minst opnar det opp skogen, så dyrelivet får kome seg på fote! Du vil antageleg sleppe mykje av hjorten som spring over vegen for å beita på enga til naboen. Då det inni granskogen ikkje er særs mykje å eta.

Nei, fjern skiten og få på plass skikkeleg skog!

Som tidligare skreve, hadde eg hatt muligheten, så hadde eg jaggu fått sving i skogen ;)

Mvh Finn