Nei til nedlegging av Træet skule

Nei til nedlegging av Træet skule! 

I samanheng med rådmannen sitt framlegg til skulebruksplan 2020 har vi i FAU Træet tatt initiativ til eit opprop der vi klart og tydeleg seier NEI til nedlegging av nærskulen vår. 

Træet skule er av avgjerande verdi for bygda vår, for lag og organisasjoner her ute på nord og ikkje minst for barna våre. Skulen har engasjerte tilsette som ser barna våre og gir dei det faglege utbyttet og tryggleiken dei treng. Korleis kan det vere samfunnsøkonomisk å spare på utdanning? 

Elevane ved Træet skule har direkte tilgang til livet i fjæra, dei har store skogsområde opparbeidd av dugnadsorienterte foreldre og omsorgspersonar, ein stor flott gymsal, nær tilgang til Askøy sin flottaste tursti, vennebenk, fotballbane og ballbinge. Per i dag er det mogleg for nesten alle elevane ved Træet skule å gå og sykle til skulen, men dersom skulen vert lagt ned blir alle elevane frarøva denne moglegheiten. 

Skulen vart totalrenovert og påbygd i 2001, og har alt barna våre treng for å trivast. Som første skule på Askøy tok Træet skule i år 2000 i bruk Olweus-programmet, eit program mot mobbing og antisosial åtferd der alle tilsette ved skulen er aktivt deltakande. Skulen har sidan vore sertifisert som Olweus-skule fleire gonger. 

Skulen er eit naturleg samlingspunkt for store og små. Dei speler i skulemusikken her, dei har gymlek for dei minste, vennekveldar og dei feirar 17. mai her. Dette handlar om meir enn nedlegging av den flotte skulen vår. Dette handlar om nedlegging av unik dugnadsånd, nedlegging av aktivitetsmoglegheiter og nedlegging av bygda vår. Ei levande bygd treng ein levande skule! 

Træet skule: Vi veks – med mot, meistring og mangfald.


Ina Charlott Berggren Mathisen, FAU Træet skule    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Ina Charlott Berggren Mathisen, FAU Træet skule fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...