NEI til masseuttak av stein på Ytrestøylen i Ørsta/Volda!

KJÆRE SAMBYGDING OG TURGÅAR! 

Eit masseuttak og knuseverk for stein er no under planlegging på Ytrestøylen på grensa mellom Ørsta og Volda kommune. Her skal det etter planane sprengast, takast ut, knusast og køyrast stein i minst 25 år framover. Inngangen til uttaket er planlagt mellom Morkaåstunnelen og Helgehorntunnelen, der vegen opp mot Håskjold og Ytrestøylen går. Vi som bur og arbeider i området fryktar at dette uttaket vil øydelegge arbeidsplassar, eit roleg og reint nabolag, samt eit unikt tur- og rekreasjonsområde. Så dette gjeld ikkje berre oss som bur her, men også alle dei som nyttar området til turar, hytteliv, og alle som brukar og gjestar Soltun gard på Ytrestøylen. Utsette tur- og nærområde er Ytrestøylen, Helgehornet, Ytre- og indrehovdeåsen (Høgetua), turstien rundt Hovdevatnet, Hovdevatnet (fisk, anna dyreliv), Håskjold og Kleiva. Dei som bur på Håskjold og i Kleiva har brønnvatn, og fryktar for at sprenging på sikt skal drenere vekk vatnet. 

No treng vi DI hjelp for å få stoppa denne utbygginga, og vi ber om at du signerer dette oppropet og at du deler det vidare så fleire får opp augene for det som no er i emning. 

 

NEI TIL MASSEUTTAK AV STEIN PÅ YTRESTØYLEN! 

JA TIL EIT STØYFRITT, STØVFRITT, TRYGT OG REINT NABOLAG OG TUROMRÅDE! 

 

På førehand TUSEN TAKK for at du engasjerer deg i denne saka! 

 

Screen_Shot_2018-06-05_at_22.55_.49_.png

Signer dette oppropet


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Facebook