ULO - Uføres Landsorganisasjons kamp for uføres rettigheter


Gjest

/ #428 Levealder for syke og uføre.studie av folkehelseinsituttet,2019/ Levealderjustering

2019-05-23 05:54

Dei aller rikaste 40-åringane kan rekne med å leve opptil 14 år lenger enn dei aller fattigaste. Forskjellane auka betydeleg frå 2005 til 2015. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

 

Formålet med studien var å beskrive forskjellar i forventa levealder og dødsårsaker etter inntekt i Noreg i perioden 2005-2015 og samanlikne med tilsvarande berekningar frå USA. Studien er publisert i det prestisjefylte tidsskriftet JAMA.
‒ Den store og raskt aukande forskjellen i levealder mellom dei rikaste og fattigaste vekkjer oppsikt i fleire fagmiljø, spesielt med tanke på at inntektsforskjellane i Noreg er relativt små, seier seniorforskar og førsteforfattar på studien, Jonas Minet Kinge ved Senter for fruktbarhet og helse og Senter for sykdomsbyrde, Folkehelseinstituttet. Han er også førsteamanuensis i helseøkonomi ved Universitetet i Oslo.
‒ Når vi samanliknar dei norske resultata med tilsvarande berekningar frå USA, ser vi at dei med aller høgast hushaldningsinntekt, har omtrent same forventa levealder i Noreg og USA. Tilsvarande har dei med aller lågast inntekt også ganske lik forventa levealder. Berekningane gjeld forventa levealder ved 40 år. Formue er ikkje med i berekningane.
‒ I dei gruppene som ligg mellom ytterkantane, er forventa levealder derimot jamt over høgare i Noreg enn i USA. Dette gjeld særleg gruppene med gjennomsnittleg og lågare inntekt, legg han til.

Dette er ein beskrivande studie. Vi veit lite om kvifor forskjellane er så store og kvifor dei aukar. Studiar frå Sverige og andre land tyder på at det ikkje er pengane i seg sjølv som gjer at dei med lågare inntekt har lågare forventa levealder. Blant dei som har låg inntekt, er det til dømes fleire som bur aleine, og fleire som har lågare utdanning. Vidare kan tilgang til helseinformasjon, medfødte eigenskapar, fosterliv og oppvekst og andre miljøforhold vere viktige, seier Kinge.
‒ Vi må forske meir på årsakene. Heldigvis har vi eit forskarmiljø i Noreg som har kompetanse på å kople data frå helseregistra med data for inntekt, utdanning og hushaldningsinformasjon. Ved hjelp av registerkoplingane kan vi gjere meir detaljerte analyser enn det dei kan i dei fleste andre land, noko denne studien også viser, legg han til.
Studien viser følgande for 40-åringar:
Blant dei éin prosent av mennene og kvinnene som hadde lågast hushaldningsinntekt, budde 50 prosent aleine utan barn. Blant dei rikaste var tilsvarande tal om lag ti prosent.
Blant dei éin prosent med lågast inntekt hadde knapt 20 prosent universitets- og høgskuleutdanning mot vel 50 prosent blant dei rikaste éin prosent.