Betre rutetabell på ferjesambandet Valestrand - Breistein 2025

Innbyggarane på Osterøy er særs nøgde med at ferjesambandet Valestrand - Breistein vert overteke av fylket 01.01.2025, la ikkje det være tvil om. Det vert mykje billigare å reise over til fastlandet og vil gagne alle reisande økonomisk sett. 

Men slik rutetabellen er utforma pr.no, før overtakelsen, så er det lite tilfredstillande reisetilbod, mtp kanskje spesielt helgene. Ferja sluttar å gå altfor tidleg på laurdager, samt starter den å gå altfor seint om sundagen. No ligger det ute på anbud 2 stk varianter rutetabeller, der den ein er særdeles svak (siste avgang Breistien kvardag: 18.30), og den andre varianten er nokolunde slik som det er pr.idag, med ei svak helgerute. 

For mange som både jobber, har fritidsaktiviteter og familie/vener f.eks Åsane og nordover til Alver-regionen, så er det veldig fort at ein må reise den lange turen rundt Arnavegen (Osterøybrua). Då snakker me spesielt om dei som er busatt på 5281 (Valestrandsfossen), men også andre bebuara på Osterøy generelt. 

Omvegen for veldig mange innbyggere, samt næringslivet, er å kjøre Osterøybrua og Arnavegen. Det er ein allerede godt traffikert veg, og ein veg som ikkje er like miljøvennlig ift antall kjørte kilometer for dei fleste. Det er veldig ofte vegarbeid, og i desse tider (og ut heile 2025) er det i tillegg tunnelarbeid med mykje stenging og dirigering i Tiråstunellen, primært kveld/natt, men også noko dagtid. 

Det kan også nevnes at mange som jobber kveldsvakter på fastlandet, vil ikkje kunne kome seg heim med ferje til kvardags, då ferja sluttar å gå akkurat i tidsrommet mange er ferdige på kveldsvakt (butikk, helsesjukepleiere o.l). Det er ift pr.dags dato fergeruter.

Det er naturlig at innbyggarane på Osterøy får eit tilsvarande ferjetilbod som mange av de øvrige fylkes-ferjene som er på Vestlandet. Det kan i direkte samanlikning sjåast på ferjesamband som går til minimum 23.00 i kvardag, samt at går til minimum 23.30 i helgene. Første avgang er bra slik den er, med unntak av søndagsrutene, som burde kunne hatt avgang f.eks 08.00. 

Ei lita samanlikning kan f.eks være ferjesambandet Hatvik - Venjaneset. Den gagner innbyggarane i Fusa, som har eit innbyggjertal som kan samanliknast med f.eks Valestrandsfossen. Valestrandsfossen har dei siste 10 åra hatt ein eventylig auke i innbyggjertal, og veksten fortsett. 

Dette er eit proaktivt arbeide inn mot Vestland Fylkeskommune og Skyss, som står for konkurransegrunnlaget for ferjesambandet Valestrand - Breistein. 

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Eivind fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...