Nei til oppdrettsanlegg i Brandal

Salmar Organic har søkt om å etablere oppdrettsanlegg i Brandal, Hareid kommune. Anlegget vil, inkludert fortøyningar, okkupere området frå Brandal til Kvitneset. Dette er eit område på rundt to kilometer av ein fjord på rundt 4.9 kilometer. Dette vil medføre enorme konsekvensar både miljømessig og med tanke på at befolkninga i kommunen mister eit populært rekreasjonsområde både for tur- og fiske.

Etter vår meining vil eit slikt monsteranlegg øydelegge heile Hareidssida av fjorden. Dei beste fiskeplassane ligg her, og desse vil bli borte og området vil bli utilgjengeleg for publikum.

Det blir påpeikt i søknaden frå Salmar Organic at det er dei gode straumforholda som gjer lokaliteten så godt egna for oppdrett. Det at forureininga blir spreidd innover i fjorden er ein fordel, meiner dei. For befolkninga i Hareid kommune er det ikkje like fordelaktig at ein over tid vil få øydelagd ein heil fjord.

Vi meiner at etablering av eit slikt monsteranlegg vil vere eit utenkjeleg overgrep mot miljøet og innbyggjarene i Hareid kommune. Om du meiner det same, så skriv under på denne kampanjen.