Motsegn til kommersiell Helikopterverksemd på Løkjaneset

Opprop

Busette frå heile Haugen reagerer på forslaget om landingsplass for helikopter på Løkjaneset. Dei fryktar støy og fleire ulemper

Selskapet planlegg å nytte landingsplassen til kommersiell helikopterverksemd, med mellom anna turistflyging og oppdrag i samband med arbeid på kraftlinjer.

Søknaden om konsesjon frå Fjord helikopter gjeld maksimalt 180 flybevegelsar per veke, og maksimalt 3300 flybevegelsar på 12 månader. Dei planlegg å bruke landingsplassen for VFR-flygingar, i dagslys, både på sommar og vinter.

Luftfartstilsynet skal handsame konsesjonssøknaden, og kommunen skal gje ein høyringsuttale.

Kommunen har invitert dei berørte innbyggjarane til å kome med sine meiningar i forkant av den politiske handsaminga.

Plan for turistflyging

Nord helikopter søkjer om følgjande opningstider for landingsplassen: Måndag til laurdag kl. 08.00 – 21.30, og søndag og heilagdagar kl. 10.00–20.00.

Søkjar har opplyst at det er aktuelt å nytte helikoptertypen Airbus EC 10B4 primært, og Airbus H 125 som alternativ helikoptertype.

Søknaden ligg no ute på høyring. På folkemøtet på Haugen, vart det orientert om saka, og folk som har meiningar om dette vart oppmoda om å sende uttale.

Motsegn

Meir enn 150 innbuarar i Haugen krins har skrive under eit innspel Anne-Joril Bratlie Haugland har skrive til Stad kommune. Dette er i samband med høyringsbrevet kommunen har motteke av Luftfartstilsynet. 

Bulyst

– I Løkjastranda bustadfelt er det i dag 22 bueiningar, og det er framleis nokon ledige tomter. Eid kommune (no Stad kommune), valde å etablere dette som kommunalt bustadfelt på 80-talet, trass i at industriområdet på Løkjaneset er næraste nabo. I starten vart dei vestlegaste tomtene nærast industriområdet haldne tilbake, i fare for at det kunne bli støyforureining med så kort avstand. Då skipsverftet vart nedlagt mot slutten av 90-talet vart tomtene lagt ut for sal. Stad kommune reklamerer i sitt bulystmagasin BuStad frå 2022 om attraktive tomter i Løkjastranda som ligg «avskjerma til ved fjorden» omkransa med flott natur, skriv Anne-Joril Bratlie Haugland. Ho har forfatta brevet, som 121 har skrive under på.

Sterke reaksjonar i nærmiljøet

Det er no er søkt om konsesjon for helikopterlandingsplass eit steinkast unna det kommunale bustadfeltet, noko som det kjem sterke reaksjonar på frå bebuarane i feltet og blant fleire bebuarar i bygda Haugen.

– I høyringsbrevet frå Luftfartstilsynet står det at landingsplassen skal etablerast i eit industriområde «med noe spredt bebyggelse rundt». Her vil vi presisere at det er eit kommunalt bustadfelt med 22 bueiningar i tillegg til «noe spredd bebyggelse» innanfor ein radius på 500 meter frå den planlagde landingsplassen. I den vestlegaste delen av bustadfeltet bur det til saman 27 born under 15 år. Det er minst fem turnusarbeidarar som jobbar nattevakt og må sove på dagtid. 

Omfanget av søknaden er på inntil 180 flybevegelsar i veka, og maksimalt 3.300 flybevegelsar i året. Opningstidene er måndag til fredag kl. 08.00-21.30 og søndag og heilagdagar frå 10.00-20.00. Landingsplassen skal nyttast til kommersiell helikopterverksemd, med blant anna turistflyging.

Turistflyging

Dei viser til at Norge har annonsert eit forsterka klimamål til FN som seier at vi skal redusere utslepp av klimaskadelege gassar med 55 % innan 2030.

– Stad kommune har valt å auke talet med turistbåtar til om lag 80 anløp i året. Dersom ein i tillegg skal tilby turistar helikopterflyging med inntil 3.300 flybevegelsar i året, blir dette ei verksemd som skrotar alt av klimamål og ambisjonar om å vere ei grøn og smart bygd. Vi stiller spørsmål ved kva motivasjon Stad kommune kan ha ved å gi konsesjon til eit slikt tiltak, sidan den økonomiske vinninga mest truleg ikkje vil tilgodekome kommunen eller kommunen sine innbyggjarar, heiter det i brevet.

Dei viser til at industriområdet på Løkjaneset er eigd av same person som også eig cruiseterminalen som turistbåtane som vitjar Nordfjordeid nyttar.

Dei stille spørsmål ved kva makt einskildpersonar har opp i mot kommunen, i motsetnad til eit heilt lokalsamfunn, dersom dette tiltaket vert realisert.

I den vedlagde miljøutgreiinga som Fjord helikopter sjølv har utarbeida, vert det hevda at denne verksemda «ikkje vil medføre en stor belastning for miljøet og naturmangfaldet i området».

– Denne påstanden stiller vi oss svært kritiske til. Vi set pris på Luftfartstilsynet sin tillit i uttalen om at høyringsinstansane kan ha større kunnskap om naturmangfaldet i området, og landingsplassen sin moglege innverknad på dette og omgjevnadene rundt, skriv dei.

Lite påliteleg

Dei stiller spørsmål ved vurderingane som er gjort av Fjord Helikopter som kvitterer med «lite sannsynleg og mindre sannsynleg» på alle punkta.

 

Reaksjonar i bygda elles

Etter at innspelet frå grannelaget har vorte kjent vart saka også dekka av NRK https://www.nrk.no/vestland/flytta-heim-til-stilla-_-no-kan-ho-fa-helikoptertrafikk-like-ved-huset-1.16306841 har Anne-Joril fått henvendingar frå folk elles i Eidsfjorden med ønske om å få  markere si motstand mot turistflyging med helikoptar. Fleire peikar på at slik slyging vil føre til støypåkjenning både nær landingsplassen og kilometervis elles i fjorden knytta til der helikopteret ferdast. støyen frå slik omfattaande helikopterdrift vil også påverke øvrige turistar sine opplevingar under deira opphald i Nordfjord, uansett om dei ferdast i Eidsgata, padler på fjorden, går på fjellet eller fiskar i elva. 

Motsegn

Vi, granner, bygdefolk, eidarar og gjestar i Eid vil med våre underskriftar i dette oppropet gje ei tydelig melding til kommuneadministrasjon i Stad kommune og til Luftfartstilsynet  om at turistflyging i og over bygdene våre og landingsplass nær bustadområde på Løkjaneset berre vil tene nokre ganske få - til plage for særs mange andre, både fastbuande og gjestar på Eid. Dette er ein veldig dårleg og uønska plan. 


Jørgen Rolighed Bergset, privatperson i Nordfjordeid    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Jørgen Rolighed Bergset, privatperson i Nordfjordeid fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...