Mot nytt småbåtanlegg i Straumsundet!

 

 

 

 

 

 

 Mot nytt småbåtanlegg i Straumsundet

Det er no sendt ut nabovarsel i samband med etablering av nytt småbåtanlegg i Straumsundet.

Anlegget vert framstelt som om det er ein del av den godkjente reguleringsplanen for Straume sjøfront, men har ikkje vore eksponert særskilt i dei planar og kartskisser som hittil er lagt fram. Vi i Brukarane av Straumsundet meinar tiltaket er i strid med den vedtekne planen.

Den siste endringa i høve reguleringsplanen var at fyllingsfoten for kaianlegget vart flytta lengre ut i sundet. Brukarane av sundet som farlei meinte dette har negativ innverknad på straumforholda og for ferdsla. Åtvaringa vart imøtegått av Fjell kommune og endringa godkjent.

Som ”småbåtar” vert rekna båtar på inntil 28 fot. Med slike båtar i småbåthavna vil breidda på farleia verta redusert med ytterlegare 20 meter om tiltaket vert realisert.

Vi viser til rådmannen sine krav i samband med Fjell kommune si eigengodkjenning av Straume Sjøfront etter Hamne og farvasslova:
P.4) Forankring av bryggje må utførast slik at desse ikkje hindrar eller skader annan sjøvegs trafikk.

Det er tvillaust at ei slik innskrenking som føreslege vil gjera det enno vanskelegare å manøvrera i sundet enn i dag. Båtplassane er plassert på tvers av straumretninga. Tidvis sterk straum vil vanskeleggjera manøvreringa til/frå båsane. Båtar som skal inn i og ut av båsane vil ha bruk for heile den frie breidda av sundet. Manøvreringa vil føra til at det lett oppstår farlege situasjonar for ferdsla nord – sør.

I samband med utlegging av flytebrygger krevst det og forankring som truleg vil gå lengre ut i sundet enn det den godkjende reguleringsplanen tillet.

Vi meiner at småbåtanlegget slik det no framstår vil ha store konsekvensar for ferdsla og tryggleiken i sundet. Dette må føra til at det vert gjort ei ny vurdering av korvidt planen kan gjennomførast.

Som brukarar av Straumssundet og grunneigarar i området krev vi at søknadsprosessen for småbåtanlegget vert stilt i bero, og at det vert gjennomført ei konsekvensvurdering av tiltaket.

Straume den 5. oktober 2015
Brukarane av Straumsundet


Brukarane av Straumsundet    Kontakt personen bak underskriftskampanjen