Ja til Rv.7


Gjest

/ #77

2016-09-13 07:54

Fordi samfunnet kan ikkje være tjent med to paralelle vegar frå Lærdal til Hønefoss. No er E16 Filefjell opprusta for milliard beløp og dette er den naturlege stamvegen i det området. Med RV52 og E16 må all trafikk gjennom Nærøydalen og opp Lærdalsdalen til Borgund, for deretter å møte RV 7 på Hønefoss. Samfunnet vil få mykje meir samferdseltilbud ut av RV 7 Hardangervidda med tilførselsveg frå Sogn gjennom Vikafjellstunnelen. Utbedring av vegen Leikanger - Hella, tunnel Vikafjellet og RV 7 Hardangervidda. Det er ein sikker aust-vest forbindelse for alle deler av Vestlandet, uavhengig av rasutsett Nærøydalen eller andre hinder på denne strekninga. Då har samfunnet fleire mogelegheiter Aust-Vest. Dette må være framtidig løysing!