Ja til ferjetilbod for Austevoll, som samsvarar med trafikkgrunnlaget, stem nei til brukarbetaling.
Opprop frå innbyggjarar og næringsliv i Austevoll, med 2 krav, merka 1 og 2.
1. Dette er eit krav om at Austevoll snarast skal ha eit rutetilbod for ferjer som samsvarar med trafikkgrunnlaget og at me ikkje har omkøyringsmogelegheiter, dette gjelder frekvens (talet på avgangar) og opningstid.
2. Dei som har signert her er og i mot innføring av brukar betaling på ferjer på sambanda i Austevoll.
Litt om saka.
Punkta under viser kvar for seg og til saman at Austevoll ikkje får det rutetilbodet for ferjer som trafikk grunnlaget tilseier. Underskriftene skal sendast til Samferdsledepartementet, Riksrevisjonen, alle politiske parti på Stortinget, i Vestland Fylke, til pressa og andre.
- I 10 år er det grundig stadfesta at Austevoll blir grovt forskjellsbehandla når da gjelder ruteproduksjon av ferjer. All ferjestatistikk og Helge Hopen rapporten dokumenterer dette. Døme: Sambandet Skjersholmane – Ranavik har 40% mindre trafikk enn Hufthamar – Krokeide og har to ferjer i drift kvar dag heile året pluss 2 timar lengre opningstid. Sambandet Årsnes – Gjermundshamn, er døgnopen, med fire tur/retur ruter mellom 00:00 og 06:00 dei har og omkøyringsmogelegheit, og har 200 000 mindre PBE enn Hufthamar – Krokeide (2024 tall frå ferjedatabanken).
- Det er 25 fylkesvegferjesamband i fylket vårt. Dei 2 sambanda i Austevoll står for 14 % av all trafikk (PBE) på desse. I ruteproduksjon (PBE x km) blir dette 24%.
- Helge Hopen sin rapport kom i 2015, 3 år før førre anbodsstart i 2018. Konklusjonen til rapporten viste at: Austevolls ferjene får ikkje det rutetilbodet som trafikk grunnlaget tilseier, dei har ikkje omkøyringsmogelegheiter og at, «Næringslivet i Austevoll har ei verdiskaping som ligg 62 % over gjennomsnittet i landet». Dette er forklaringa på auka trafikk år for år. I følgje SSB pendlar det 685 inn til Austevoll og 452 ut av Austevoll (2024 tal). All ferjestatistikk har også dokumentert at Austevoll, ikkje får den frekvensen på ferjene som trafikk grunnlaget tilseier, i dei 10 åra etter denne rapporten kom. Etter det denne rapporten sa, skulle Austevoll hatt eit likeverdig ferjetilbod allereie frå anbodstart i 2018.
Vestland Fylkeskommune (VLFK)sitt Hovudutval for samferdsle og mobilitet (SAMO) forvaltar eit budsjett til ferjedrift på kr. 1 502 860 000.- (2024), Skyss har også ansvar her for rutetilbodet. Me i Austevoll har etterspurd retningsliner for drift av ferjer, dette har ikkje verken Skyss eller SAMO kunna framlagt.
Austevoll har ikkje omkøyringsmogelegheiter, er stengt 1/3 av døgnet ut av kommunen. Me har stadfesta dette lenge nok, likebehandlingsprinsippet må gjelde. Me ser dette som politisk maktmisbruk over lengre tid.
Trafikk grunnlaget (PBE) og omsyn til omkøyringsmogelegheiter må styra ferjerutene. Det burde vore sjølvsagt, at dei blir styrt etter objektive kriteria og av objektive menneske. Det kan ikkje være politikarane som styrer ferjerutene, det har SAMO som er i dag, og tidlegare utval for samferdsle, grundig bevist at dei ikkje evnar å gjera rettvist.
Avstemming om ferjebetaling for Austevoll må kansellerast. Austevoll skal ha eit ferjetilbod som gjenspeilar trafikkgrunnlaget frå seinast 1. november.
På SAMO sine nettsider står det følgjande: «Utvalet har ansvar for å sikre at innbyggjarane og næringslivet har eit transportsystem som gjev miljøvenleg og trygg transport, tilstrekkeleg mobilitet og tilgjenge til viktige reisemål.» Me i Austevoll kan ikkje sjå at det blir gitt tilstrekkeleg mobilitet og tilgjenge til viktige reisemål, slik SAMO har på framsida av nettsida si. Dette strir direkte med transport behovet til reisande og til næringslivet Austevoll og behovet for transport.
På Skyss si nettside står det følgjande: «Avdeling transporttilbod skal sørge for ei systematisk forvalting og utvikling av rutetilbodet, slik at dei reisande sine behov vert møtt best mogleg. Avdelinga skal dessutan legge til rette for at tilbodet vert basert på null- og lågutsleppsløysingar. Avdeling Transporttilbod har også ansvar for den lovfesta skuleskyssen.» Dette samsvarar ikkje med det faktum at Helge Hopen rapporten og all ferjestatistikk etter den kom har vist at Austevoll ikkje får det ferjetilbodet som trafikk grunnlaget tilseier, dette har me lagt fram statistikk på i 10 år. Skyss har ikkje ei systematisk forvaltning og utvikling av rutetilbodet, slik det står på deira eigen nettside.
Litt av det som er kommunisert tidlegare i saka finn de her: https://hufthamar.no/ferjer-og-samferdsle-for-austevoll/
Skrive av Tore Hufthammer.
Kjelder:
Tore Hufthammer for interessegrupppa for samferdsel i Austevoll Kontakt personen bak underskriftskampanjen