Bevar internatskolene: Ja til momskompensasjon for internatdrift


Gjest

/ #45

2016-01-15 17:31

Internatskulane betyr mykje for mange. Det kan eg sei etter å ha gått der i tre år og arbeida der i eitt år. Til saman har eg blitt kjend med mellom to og tre hundre elevar, som nesten utelukkande talar varmt om internatlivet.

Det er unike læringsmiljø på slike skular, med sosiale rammer, som mange nyter godt av. Eg har sett flotte livshistoriar, der tenåringar er blitt forandra gjennom det målretta psykososiale arbeidet på internatskulane. Ein internatskule er ein god kontekst å drive eit slikt arbeid i.

Eg håper mange fleire får moglegheiten til å få ein slik overgang frå å vere heimebuande til å fortsette i studiar og arbeid.