Bevar internatskolene: Ja til momskompensasjon for internatdrift


Gjest

/ #13

2016-01-14 16:12

Fordi eg meiner at internatskole er veldig viktig! Dei 3 åra eg har gått på internatskole, har eg lært meg å vere sjølstendig, lære meg å måtte komme overens med all type folk fordi vi bur så tett sammen. Internatskule er ein fin overgang fra mamma til eiget hus, fordi eg lærer meg å vaske klær, ordne på rommet, vaske, og ta vare på meg sjølv, samtidig som eg slepper å laga mat og eg har vaksne rundt meg heile tida som passar på, slik at eg kan ta ett skritt om gangen mot vaksen livet. Det hadde vore veldig trist og domt dersom internatskolen må legges ned, og at andre ikkje kan få oppleve de som eg har fått opplevd desse 3 åra. Dei 3 åra har vore så kjekke, og du får deg venner for livet! Og dessuten er det genialt dersom du vil gå på skule ein anna plass men du vil verken pendle eller bu på hybel!