Bevar lokalsykehusene med akutt- og døgnfunksjon!


Gjest

/ #347

2015-11-25 10:56

Eg kan godta argumentet om å samle spesialistar med høg kompetanse på sentraliserte sjukehusavdelingar som har med planlagte undersøkjelsar og kirurgiske inngrep, situasjonar der eit par timar frå eller til ikkje utgjer noko risiko.
Men enkelte ting hender brått, utan forvarsel, og krev umiddelbar hjelp. Akutte skadar, eller fødslar for eksempel.

Yngstesøstera mi blei født raskare enn nokon av legane på Nordfjord sjukehus hadde høyrt om var mulig, men mamma var heldigvis allereie innlagd på grunn av svangerskapsforgifting, så ho slapp å føde heime eller i bilen.

Sjølv bur eg på Bøler i Oslo, og er lykkeleg over å berre ha 20 minutt til Ahus når eg skal føde i januar, om eg ikkje blir sitjande fast i ettermiddagsrushet på veg ut dit. Men eg veit det er mange rundt i landet som har mykje lenger reiseveg i utgangspunktet, og som risikerar å få endå lenger veg om deira lokale fødeavdeling blir nedlagt.

Og kva med alle dei som skadar seg akutt og treng akutt hjelp? Det er ikkje sikkert ein har tid til å reise heilt til det "neste" sjukehuset, og eg er redd slike nedleggjingar kan få fatale konsekvensar.

Bevar fødeavdelingane og akuttmottaka rundt om på lokalsjukehusa!