DE TI BUD- Flere enn ti foreldre?


Gjest

/ #27

2014-09-10 14:00

Fra Vårt Land:

Etter ein klage frå ein besøkande ved barneskulen på Sørlandet, bad Fylkesmannen om forklaring frå skulen på kvifor ein plakat med dei ti boda hang på veggen. Fylkesmannen konkluderte med at plakaten ikkje braut opplæringslova, sidan den ikkje er forkynnande. Rektor valde likevel å ta ned plakaten for å ikkje skape meir debatt.

– At den besøkande reagerer på plakaten viser innslag av berøringsangst for religion, seier Sturla Stålsett, professor ved Menighetsfakultetet.

Han var også leiar for utvalet som på oppdrag frå Stoltenberg II-regjeringa leverte rapporten «Det livssynsopne samfunn», som mellom anna skulle peike ut retning for religion og livssyn sin plass i det offentlege rom.