Behold bassenget i Ålvik!

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Dette diskusjonstemaet har blitt automatisk laget fra Behold bassenget i Ålvik!-oppropet.


Gjest

#1

2015-07-30 11:14

Eit godt tilbod me bør få behalda.

Gjest

#2

2015-07-30 12:50

Viktig at ungene lærer seg å svømme! Alle skolebarn må ha mulighet til dette.

Gjest

#3

2015-07-30 13:56

Skal ungane i Ålvik vera avhengig av bil for å læra seg å symja? Og det berre for at kommunen skal spara nokre småpengar på kort sikt?
Å rekna prisar på ungane si sikkerheit både på land og i vatnet kan overlatast til bokhaldarane, men politikarane skal tenkja langsiktig og oppvekstvilkår.
MVH.

Gjest

#4

2015-07-30 17:56

Sjølv om eg ikkje bur i Ålvik på noverande tidspunkt, og nedlegging av bassenget ikkje berører meg direkte, veit eg at det er viktig for mange av innbyggjarane i Ålvik, i tillegg til folk i bygdene i nærleiken. Det er også viktig å bevara slike tilbod for å oppretthalda interessa og lysten til å bu i/flytta til bygda. Så lenge bassenget vert nytta aktivt av folk i alle aldrar bør det vera argument nok for å halda bassenget i Ålvik i drift!

Gjest

#5

2015-07-30 21:24

Eg vil at folket I Ålvik skal fortsatt ha moglegheiten til å bruka bassenget sitt.

Gjest

#6

2015-07-31 12:24

Det er ikkje økonomisk forsvarleg for kommunen å byggja badeland i Kvam. Ei nedlegging av bassenga rundt om i kommunen vil medføra ein vesentleg ulempe for brukarane. Kommunen bør heller bruka pengar på å vedlikehalda og rusta opp dei bassenga me har, slik at me fortsatt får eit godt tilbud til alle innbyggjarane i kommunen.

Gjest

#7

2015-08-04 19:16

Eit tap for eit lokalsamfunn som kjemper for å kunne tilby kommunale tjenester til innbyggerne. Denne gongen er det bassenget og når politikerne frå Norheimsund bestemmer seg for nytt kulturhus vil biblioteket også forsvinne.