Behold bassenget i Ålvik!


Gjest

/ #6

2015-07-31 12:24

Det er ikkje økonomisk forsvarleg for kommunen å byggja badeland i Kvam. Ei nedlegging av bassenga rundt om i kommunen vil medføra ein vesentleg ulempe for brukarane. Kommunen bør heller bruka pengar på å vedlikehalda og rusta opp dei bassenga me har, slik at me fortsatt får eit godt tilbud til alle innbyggjarane i kommunen.