Vi vil fortsetje å ha danselinje på Vinstra VGS!

Kjære fylkeskommune  

Danselinja på Vinstra VGS er eit viktig tilbod, både for barn og unge, men også for kulturlivet i heile Gudbrandsdalen. Vi har alle moglegheiter for å ha god danseundervisning, og vi vil så gjerne få gjere det.  

Danselinja er viktig fordi det tek heile menneske i bruk. Det er ein kunstform, og ein kunstform vi sett pris på. Mange av våre elever har kome langt etter 3 år her, og mange av dei har delteke på arrangement som Peer Gynt spelet og Kristin spelet - både som aktør, dansar, koreograf og produsent.

Ein ser at mange som har gått ut frå danselinja har blitt ressurspersonar innan kultur i si kommune og region. Midt-Gudbrandsdalen er eit sentrum for kultur, vi har kultur rundt oss på alle kantar.

Danselinja er viktig for den skuleleie eleven. Dei elevane som er så lei av å sitje å lese i norskboka heile dagen, og dei elevane som gjerne vil uttrykkje seg gjennom dansen. Du høyre så mange ord og setningar gjennom dagen, men ikkje alle uttrykkjer seg best slik.

For nokon så er kunst måten å få følelsar ut på – dans er kunst. 

  Danselinja er viktig for samfunnet. Danselinja på Vinstra ligg sentralt – teke i betraktning at fylket vårt har store avstandar frå før. Det å ha danselinja ligg her ho gjer er gull verdt. For ein hybelbuar kan dette vere forskjellen på å ikkje ha moglegheit til å reise heim på grunn av avstand og økonomi, og det å kunne reise heim fordi det har skjedd noko og du treng ein tur heim, og få ein klem frå mamma og pappa. Dette er viktig for ungdom – vi er sårbare.  

Det er aldri ein gjeve faktor at alle kull er like store, vi ber derfor om at statistikken blir sett på nytt. Når nokon kull er mindre enn alle, kjem ikkje klassane til å vere like store heller. Dette merkar vi særleg godt i distrikta, men det er akkurat distrikta og nærskulane som er viktige her vi bur. Bygdene må vere attraktive – danselinja må vere tilgjengeleg. 

Vi skulle så gjerne fått sagt noko i denne saka. Det å miste moglegheita til å gå på ei fantastisk danselinje er ikkje riktig. Det å få vite gjennom pressemelding eller naboen din at du på sikt mister jobben er ikkje riktig.

 Elever mister eit tilbod – eit fellesskap. Ungdommen mistar ein uttrykksform som du tek med deg gjennom livet. 

Både elevar og lærarar har lagt inn stor innsats i å vise seg fram på arrangement og i sosiale media – akkurat for å rekruttere elevar som vil gå dans.   Vi har så mykje å gjeva og vise fram, noko vi sterkt ønsker.

Vi vil fortsette å vise oss fram, danse gjennom kvar ein dag, og å lære om oss sjølve og lære å jobbe som eit team – eit danseteam.  

Helsing elevar og lærarar ved danselinja, Vinstra VGS.  

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Anna Olea Bakken fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...