Vern Regndalen

Stå saman om å redde Regndalen frå kraftutbygging!

Ver med på dette oppropet, vi er mange som er glade i den ville Sunnmørsnaturen vår

(For English language look further down the page)

http://www.velledalen.net/pers/43223/thumbs/55020140530195606_regndalen.jpg

Regndalen er eit av dei siste uberørte områda på Rånahalvøya i Sunnmørsalpane.

Ikkje berre er Regndalen uberørt, men den er også eit fantastisk skue. Omkransa av ville, forrevne tindar, delvis dekt av den flotte Regndalsbreen, ligg denne hengedalen som har fått namnet sitt Regndalen. På omlag 420 meters høgde flyt det stille brevatn, som reflekterar sola med sine forførande fargar. Fyrst eit stort vatn, så eit litt mindre, før fossen tek fart og dundrar 400 meter ned fjellsida i eit langt buldrande fossefall.

Det å verne dette området verkar for mange sjølvsagt, men likevel stend no denne juvelen av natur i fare for å bli bygd ut. Det uberørte og jomfruelege stend i fare for å forsvinne, den kraftfulle og brølande fossen kan verte redusert til ein sildrebekk.  På toppen av elva kjem der til å bli ei stor og godt synleg demning med eit tilbygg. Området vil råkast av eit ugjenkalleleg inngrep.

Det er ikkje berre lokalfolk som er glade i Regndalen, for kombinasjonen av ulik natur gjer denne dalen til noko som kan måle seg med den flottaste natur, både nasjonalt og internasjonalt. Det er også difor Regndalen er varemerket til bygda Velledalen. Klart ein kan vere stolt av å bu så nær slik flott natur! Det som også er flott med Regndalen er at den er tilgjengeleg for så mange naturglade mennesker. Turen opp er ganske lett, men likevel får ein "full pakke" når det kjem til fantastiske naturopplevingar. Ein kan også nyte skuet mot Regndalen frå heile Velledalen og Fjellseterområdet.

Signer på oppropet, vi må vise at vi er imot utbygging og at vi vil at framtidige generasjonar skal også få lov å oppleve denne villaste og vakraste av dalar.

 

Eg avsluttar med dette utdraget frå Theodor Caspari sitt dikt.

 

Stå vakt om naturen! Slå angrepet ned!     http://www.velledalen.net/pers/43223/album/thumbs/5501105_78-_Prachtige_Regndalen,_midtre_Regndalstind_rechts.JPG

Dem opp mot de hissige hjerner!

La fjellvidden hvile i soldager fred,

I dryss av de evige stjerner!

 

Slå døgnets urolige røster med bann

Lys fred på de fattige lier!

Gi Norge et lysende ”ingenmannsland”,

Hvor skapningens herre tier!

 

 

Oppropet har kun den misjon å vise at vi står saman om å verne Regndalen og at vi er mange!

 

(In English)

Help us stop the destruction of one of the most impressive places in Norway.

Regndalen is a glaciervalley located close to the world heritage area of Geiranger, in More og Romsdal.

The valley is truly a fantastic area, with untouched nature. The emerald green stillflowing glacier lakes, seldom botanic species, housing of the norwegian national bird the "fossekall", and a breathtaking wild wiew from the surrounding alpine mountains. The mountains are partly covered by the Regndals glacier witch gives water to the lakes and waterfall. The waterfall tumbles 400 meters down the mountainside, fed by the pure water from the glacier lakes. It ends into the farmervalley of Velledalen in Sykkylven.
This place is in danger to be built out by a private company, who wants to make a dam up with the glacierlakes and put the waterfall in a tunel for hydropower production. 
The area will for all future be destroyed.
Help us stop this madness, help us save our nature!
Please sign the petition. 

We would also be grateful for support on our facebook page. (links to petitionform and facebookgroup under the Norwegian text at bottom of the page)

 

 

Den 30. Juni går fristen ut for å sende høyringfråsegn til NVE, dette er det viktigaste ein må gjere dersom ein aktivt vil delta for å redde Regndalen frå å bli øydelagd.

La di stemme bli hørt hos NVE, som skal behandle søknaden!

Fyll ut elektronisk høyringsfråsegn på denne adressa, det er fort gjort!

Fill out and protest directly to the Norwegian bureau of water and energy

http://skjema.nve.no/eDocumentNVE/ViewerNVE.aspx?eDocumentTemplateID=f6243b27-e1e1-4ac9-8341-8177b71d5341&saksnr=201001556&sakstittel=Kroken+kraftverk

 

 

http://www.velledalen.net/pers/43223/album/thumbs/5501112_86-_dit_is_de_ideale_duikplek_voor_Adri.JPG

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Følg/lik oss på vår Facebookgruppe: www.facebook.com/regndalsbreen

Oss set pris på alle som kan hjelpe å verne naturen vår mot inngrep som vil øydelegge området for noverande og komande generasjonar i all framtid.

(Bileter: velledalen.net)


Aksjongruppa Vern Regndalen    Kontakt personen bak underskriftskampanjen