Ver med å sei NEI til å legge ned Blomvåg skule i Øygarden kommune.

I Budsjett 2021 og økonomiplan 2021-2024 for Øygarden kommune er det lagt fram følande forslag :" Basert på samla skulekapasitet og elevtalsutvikling på tvers av fleire skular i gamle Øygarden kommune, vert det vurdert som mogeleg å leggja ned ein skule frå skuleåret 2021/2022. Kommunestyret ber om at det vert lagt fram sak som vurderer nedlegging av Blomvåg skule. Prosessen må ta høgde for høring, medverknad og justering av krinsgrenser slik at elevane kan flyttast til Tjeldstø og Rong skule"

Dette er i strid med både intensjons avtalen for den nye kommunen og det fleire av partia, som no er for dette, gjekk til val på.

Dette ønsker me å seie ett klart NEI til.

Å behalde skulen er viktig for elevane, for dei ansatte, dei føresette og lokalsamfunnet vårt. Skulen vår er ein stad for utvikling, vekst , lærdom og modning. Her har me vår tilhørighet og samlingsstad. Både for arrangement og fritidsaktiviteter. Blomvåg skule er sjølve hjertet i lokalsamfunnet vårt.

Me ønsker at kvar og ein, er med oss og kjemper for å behalde skulen vi er så glad i. Vær med og signer oppropet og med det, gje ett tydelig NEI til nedleggelse av Blomvåg skule.

 


Silje Fjeldstad Widding    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Silje Fjeldstad Widding fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...