Staten må ta kosten for arkeologisk utgraving!

Eg ønsker med dette å vise støtte til det unge bonde paret på Håland i Sola kommune som har fått utbyggingsplanane sine satt på vent grunnet arkeologisk utgraving. Dette har medført store tap for dei og i tillegg bler dei belasta for utgravinga. Det er dei som er nøgd for å betale dei 700 000,- som dette kan komme til å koste. Utbyggingsplanane har dei gått med lenge, det er ein nødvendigheit for å imøtekoma nye krav til landbruksdrift. I 2024 er det krav om lausdriftfjos. Regjeringa oppfordrer bøndene til å satse stort, her har me ein som vil det, men får kjepper i hjulene frå nettopp staten.

Det er gjort prøveutgravinger der nybygget skal stå, her vart det funnet blandt anna ildstad, kokegroper, stolpehol og keramikkbiter, dette er vanlege funn og har berre ein vitenskapeleg verdi. Fortidsminner er jo storsamfunnet si oppgåve å ivareta, ikkje ein enkeltpersons oppgåve.

Saka er no klaga inn til klima- og miljødepartementet og eg håpar verkeleg at nokon kan sjå galskapen i dette. Det er ein så stor sum at det kan tippa heile budsjettet for dei det gjelder.

Eg håper flest mulig kan signera her slik at me kanskje kan få ei endring på dette. Les gjerne saka nrk.no skreiv for nokon dager sidan. Det er litt missvisande informasjon i artikkelen, så det er ikkje funnet vikinggraver der de ønsker å sette opp nybygget. https://www.nrk.no/rogaland/bonder-ma-punge-ut-etter-funn-av-vikinggrav-1.13889984