Stå opp for Otternes

Otternes i Aurland heile Noreg sin kulturarv.8.11.2018

 

Klyngetunet Otternes,

eigedomen som Aurland Kommune overtok frå dei tidlegare eigarane i 1987.

 

Me har i den seinare tid vorte merksame på at Aurland Kommune vil overdra eigedomen Otternes til stiftinga, Stiftinga Otternes Bygdetun.

Det gjer oss svært betenkt.

Slik Stiftelseslova er i dag, kan ei stifting selgje eigedomane sine.

Me kan ikkje risikera at Otternestunet vårt blir seld på det opne markedet.

 

Dersom Aurland kommune skulle velgje å overdra eigedomen Otternes, kommunen ta atterhald om ateigedomen skal gå tilbake til kommunen dersom stiftinga td skulle bli lagt ned eller ynskje å selgjeOtternestunet heilt eller delt.

 

Aurland kommune sikre ein driftsavtale for vidareføring av 8 klasse-opplegget og syte for at barnehagane i Aurland kan få oppleva eit levande tun frå gamal tid.

Kommunen må sikre vidareføring og utvikling av kulturarven, og sjå verdien av formidlinga av denne på Otternestunet.

 

Tunet er viktig for borna våre og ungdommen vår, for oss alle. Mykje av historia vår ligg på Otternes.

Eigedomen bør ikkje overdragast til Stiftinga Otternes Bygdetun.

 

Aurland Kommune må:

Ha forvaltningsansvar av kulturarven Otternes.

Syte for god formidling av kulturminnet.

Ha tilsyn og halda tunet i forsvarleg stand.

 

Me som er tidlegare 8 klasse elevar,

me som er foreldre til tidlegare 8 klasse elevar,

me foreldre som skal ha skuleborn i 8 klasse og i barnehagar i framtida,

me som er besteforeldre til dei komande generasjonar,

me som er småskala lokalmat produsentar,

me som har reiselivsbedrifter

og me som bur i Aurland,

ynskjer at:

 

Otternestunet skal vere eit levande tun

Otternestunet skal ha eit vertskap som ynskjer oss velkommen.

Otternestunet skal vere ein stad der både aurlendingar og besøkjande kan kjenne seg heime.

Otternestunetbehalda lokal identitet og kvalitet.

Otternes skal vere ei merkevare som reiselivsprodukt med lokal mat og lokal formidling av tunet.

Otternesikkje bli ein stad for masseturisme.

 

 

Aksjongruppa «Stå opp for Otternes».

 

Kristin Sønnerheim, Therese Turlid, Astrid Ohnstad, May Lene Steinheim, Gry Lie Roberts

Johannes Loven, Eldbjørg Wangen.