Røyrledningane må ikkje få øydelegge nordre Øygarden!

Gassco har bedt kommunen å innføre midlertidig byggestopp i ei sone på 420 meter langs gassrøyra som går frå Kollsnes til Sture, etter nye undersøkingar viser økt risiko langs røyra. Tidlegare har det vore byggjeforbod i ein sone på 25 meter.  

Den umiddelbare konsekvensen av dette er at om lag 100 nye planlagte boliger i Breivik og på Tjeldstø ikkje vil kunne byggast. På sikt vil dette svekke Tjeldstø som lokalsenter i kommunen, og dermed også alle bygdene frå Oen til Hellesøy. På sikt kan det føre til at skule barnehage og andre lokale tilbod forsvinn, men fråflytting og forrigning av boligverdiar som varige konsekvensar.  

Sona utvidast no til 420 meter. Vert dettte siste gong sona vert utvida? Vil sonen om 10 år vere 800 meter og inkludere heile Oen og Tjeldstø? Gassco har funnet aukt risiko ved leidningen sin og må ta konsekvensen av det. Dette må ikkje råka innbyggjarane.

Øygarden kommune må difor no stå opp for bygdene i nordre del av kommunen, og ikkje innvilge midlertidig byggeforbod innanfor denne sonen, og kreve at Gassco tar ansvar. 

Dei lokale bygdene går no saman for å hindre at eit slikt byggjeforbod vert innført. Og dei lokale nærmiljøutvala ser helst at ein permanent løysing vert å leggja røyra i sjø, der dei ikkje er til fare for barnehagar, skular eller lokalbefolkningen. 

Kommunen tar ei avgjerd i saka på kommunestyre møte 24 mars.

 gassledning_sikkerhetssone_tjeldstø_rødt_området_alt_2.png

gassledning_sikkerhetssone_oen_rødt_området2.png


Tjeldsø grendalag, Nautnes Velforening, Hellesøy Velforening, Alvheim Velforening, Breivik krins nærmiljøutval    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Tjeldsø grendalag, Nautnes Velforening, Hellesøy Velforening, Alvheim Velforening, Breivik krins nærmiljøutval fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...