Redd og vern tømmerrennene i Nissedal!

Vi syner til Nissedal kommune sine nettsider, der kommunen ber om innspel til eit høringssvar på brevet Høring av melding om nedlegging av 3 stk. tømmerrenner i Arendalsvassdraget i Nissedal kommune i Telemark, NVE av 21.8.2019 (ref. 201904046-2).

Vi vil med dette gi sterkt uttrykk for vår bekymring angående riving av tømmerrenner i kommunen. Tømmerrennene representerer unike kulturminne som er verdifulle for innbyggarar og turistar i kommunen, no og i framtida. Som kulturminne er alle dei tre tømmerrennene verdifulle. Tømmerrennene representerer ein veldig viktig del av historia til kommunen med tanke på at fløyting og tømmer var særs viktig for området i mange år. 

Tømmerrenna_Dynjanfoss_2.jpgTømmerrenna ved Dynjanfoss som har vore bruka som tilkomstveg til Jettegrytene

Når det gjeld tømmerrenna ved Berlifoss, er den truleg i så dårleg forfatning at den verken kan eller bør bergast. Når det gjeld friluftsliv er den fine og stort sett inntakte tømmerrenna ved Tjønnefoss dam viktig. Det vil bli eit hol i terrenget om den rivast. Området rundt Tjønnefoss har no aukande grad av syklande og andre som nyttar den nyoppussa jernbanelina rett ved som turveg. Det vil vere eit naturleg turmål eller plass for sykkelturistar å ta ein stopp attmed den gamle toglina.

Men enno viktigare med tanke på både friluftsliv og turisme er det å verne og restaurere tømmerrenna ved Dynjanfoss. Denne var i mange år ein unik tilkomstveg opp til kommunens desidert største turistattraksjon, Jettegrytene. Det kan det bli igjen etter restaurering, noko kommunen også har ynska sterkt. Dei siste åra har grunneigarane i området forståeleg nok vore svært misnøgd med vedlikehaldet av vegen. Vern og restaurering av tømmerrenna, saman med utvida parkeringsplass i botn, kan bidra til å redusere trafikken på denne vegen.

Nissedal kommune er ein kommune som tidlegare hadde skogsdrift og pelsdyr som viktigaste næringar. Dei siste 20 åra er dette dramatisk endra. I dag er stoda annleis og turisme er ei særs viktig næring i kommunen vår. Tømmerrenna ved Dynjanfoss er ei viktig del av den historia. Bruk av tømmerrenna som tilkomstveg til den største turistattraksjonen i kommunen kan gje dei tilreisande kunnskap korleis skogen vart drive før. Med litt tilrettelegging og skilting langsmed tømmerrenna kan ein få opplyst at Jettegrytene såg dagens ljos og vart brukanes som badeplass som følgje av vasskraftutbygginga, og korleis denne førte til behovet for tømmerrenna som erstatning for tømmerfløyting.  

Vi vil innstendig oppmode kommunen om å bevare dei to tømmerenner omtala her, og særleg ber vi om at tømmerrenna inn til Jettegrytene (Dynjanfoss) . Det ville vore eit stort tap for kommunen. Vi vil oppmode kommunen om å prioritere dette viktige arbeidet med å hindre riving. Vi er opne for å kome med gode idear og yte dugnadsinnsats for å ta vare på tømmerrennene i kommunen.

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Sverre Tveit fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...