Opprop til dei folkevalde i Suldal kommune

Paragraf 112 i Grunnlova

Miljøparagrafen vernar naturen for kommande generasjonar. Denne retten gjeld òg  for oss som held til ved Sandsfjorden. Miljøretten gjeld for både dei fastbuande og menneske som held til i hytter og feriehus. Politikarane og kommuneadministrasjonen i Suldal kommune har ansvar for at miljøretten til fjordabuen ikkje blir krenka. Me minner om at Grunnlova har rang over alt anna norsk lovverk og skal prega alle politiske prosessar. 

WWJ og Bærekraftig reisemål

Planane til  WWJ er i strid med både paragraf 112 i Grunnlova og merkeordninga Bærekraftig reisemål. Sandsfjorden som har status som nasjonale laksefjord står i fare for å mista det biologiske mangfaldet. Likeeins ser ein at naturreservatet på Kjølvikskorpa, verneområdet på Foldøy, djupvasskorallreva, gytefelta for torsk, rekefelta, tareskogane og områda med ålegras er truga.

Opprop2.jpg

Det nye steinbrotet

Planane til WWJ inneber at Norsk Stein skal halda fram i nytt ope brot og dermed blir skogsområda også raserte. Det er snakk om eit område på 2800 da med store myrar, små skogstjern, område med rik edellauvskog, gammal fin furuskog og store gamle tre som blir skrapa bort før Norsk Stein startar produksjonen. Området har eit rikt og veldokumentert fugle- og dyreliv.

Opprop11.jpg

Appell:

I konsekvensutgreiinga finn ein formuleringar som «100 prosent arealbeslag» og «alvorleg miljøskade». Det er snakk om varige skader på naturområde som ikkje kan tilbakeførast.  Sterk støy, rok av steinstøv samt utslepp av ballastvatn vil òg vera med på å driva menneske-, fugle- og dyrelivet bort frå skogane og fjorden. Sidan Suldal kommune er ein av eigarane av WWJ, bed me at dei folkevalde endrar kurs: Skal ein leggja om til grøne arbeidsplasser, må det skje utan at ein byggjer ned store naturområde!

Opprop21.jpgKvitryggspett

 

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Nora Haaland Serigstad fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...