NY BARNESKULE TIL MANGER

Det ligg no ute eit forslag til påbygging av Manger skule. Det er gjort ei vurdering av ulike alternativer og dei er presentert i ein rapport. Me vil belyse nokre av problema me ser:

1. Etter at skulen er bygd på vil den romme omlag 200 elever - same antall som den (ikkje) rommer no! Elevtalprognosen viser jamn auke fram til 2034. Kva skjer dersom det auker  litt meir enn forventa, eller heldt fram med å auke etter at skulen har nådd makskapasitet? Kva skjer dersom Austebyg skule vert nedlagt og dei borna treng plass på Manger skule? Er det fysisk mulig å bygge meir på, eller maler kommunen seg inn i eit hjørne no..? 

2. Skal ein først investere så mykje pengar i skulen, burde ein ikkje sitte igjen med grupperom og gymsal med plass til å samle alle?

3. Farlig skuleveg undervegs. Det er allerede uoversiktlig - og til tider uforsvarlig - ved levering og henting av barn på skulen. Legg til fleire store annleggsmaskiner, byggeplasskaos og enda færre parkeringsplasser og sjå for dykk korleis skulevegen til barna våre blir da. Elevar som kjem frå Seilfaldet, Langhøyane og området rundt vil verte spesielt utsatt da dei går opp via Kyrhovden der alt byggearbeidet skal foregå.

4. Angivelig er avløpsrøra underdimensjonert for ein så stor skule. I tillegg er dei gamle og berre lappa saman med ujavne mellomrom.. Denne kostnaden er ikkje tatt med i estimatet over ny skule. Dersom (nesten) alle avløp må byttes og gamle toalett må renoveres vert jo det ein svær jobb - og ein kjempekostnad!

5. For å få stort nok uteområde må det delast opp i mange soner. Etter å ha snakka med fleire lærarar kjem det fram at soner er fint på papiret, men fryktelig vanskelig i praksis. Det trengs veldig mange friminuttvakter for å kunne sikre så mange spredte soner på skuleplassen. Det er ingen hemmelighet at Manger skule har slite med både mobbing og hærverk - til dømes på syklar som stod parkert utanfor skulen. Ergo trengs det vakter på alle soner.. Er dette gjennomtenkt? 

Det er dei underteikna si meining at dette er ei dyr og lite framtidsretta løysing, og me oppfordrar politikarane til å vurdere nybygg i staden for å flikka på ein skule som er 60 år gamal!

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Gina Hella Skiftesvik fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...