Nei til utviding av Ristesundsanden naturreservat

Innleiing

I 2002 vart store delar av Ristesundsanden eit naturreservat der formålet i følgje forskrifta er «å ta vare på eit relativt intakt sanddyneområde som ein typelokalitet for sørleg og varmekjær sanddynevegetasjon.», og den 13.05.2022 les vi i Vestlandsnytt at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (heretter omtalt som SFMR) har vore i formannskapet i Sande kommune og orientert «om ein prosess som no er sett i gang for å få utvide det allereie eksisterande naturreservatet ved Ristesundsanden til å også gjelde området utover mot Seleberget, Kuholmen og Sandholmen.»

Ei slik utviding vil omfatte heile sjølinja i Ristesund og store delar av utanforliggande sjøområde. Det er blant berørte grunneigarar og innbyggarar elles i Ristesund stor motstand mot den foreslegne utvidinga av naturreservatet.

Underskriftskampanja er starta av ei arbeidsgruppe utnemnd av berørte grunneigarar, og ved å signere på denne underskriftskampanja støttar du berørte grunneigarar sitt arbeid mot ei utviding av Ristesundsanden naturreservat.

Planlagt utviding av verneområde

01.06.2023 vart det avhalde informasjonsmøte på Kvamsøya der SFMR informerte om planane. Det var lite konkret informasjon som kom fram i møte.

For å finne meir informasjon har vi har gjennom å søke i kommunikasjon frå 2019 mellom SFMR, Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet funne meir informasjon om prosessane rundt utviding av naturreservatet.

Der ser vi at det er oppgitt eit nytt verneareal for Ristesundsanden på 466 dekar, noko som gir et totalareal ved utviding på 564 dekar. Om dette er aktuelt snakkar vi om eit naturreservat som vert 5-6 gongar so stort som dagens naturreservat.

Ein forsvinnande liten del av foreslått utvida areal omfattar sanddyneareal på land, og vi ser ikkje kvifor det skal vere behov for å utvide vernearealet med 466 dekar om formålet er å verne 10-15 dekar med sanddyner.

kart_utvida_område.pngRaud farge viser eksisterande verneområde, stipla blå linje det planlagte utvida verneområdet.

Utviding av naturreservatet vil vere ei stor belastning for bygda

For oss vil ei utviding av naturreservatet verte ei stor belastning.

Med den foreslegne utvidinga vil heile sjølinja i Ristesund-bygda og store sjøområder vere verna, noko som gir kraftig redusert råderett over eigen eigedom, og kan hindre både dagens og framtidig utnytting av naturressursar.

Områda som er foreslått verna har i generasjonar vore brukt til uttak av sand til jordbruk, støypesand, tare til gjødsel og husdyr, fritidsaktivitetar, sjøsetting av båtar osv. Dette har ikkje skada naturen tidlegare og vil heller ikkje gjere det i framtida, men om naturreservatet vert utvida vil mykje verte forbode, og andre ting vil verte strengt regulert.

Vi er opptekne av ei levande bygd med moglegheit for framtidig utvikling, og fryktar at eit utvida naturreservat kan vere til hinder til dette og føre til redusert bulyst og økt fråflytting. Vi meiner at det både for Sande kommune og Ristesundsanden er viktig å oppretthalde befolkninga i bygda, og kunne skape nye moglegheiter i framtida, og vi håper Sande kommune er einige med oss i dette.

Korleis framtidige generasjonar ønsker å utnytte naturressursane veit vi ikkje i dag, men vi er opptekne av å ikkje leggje unødvendige restriksjonar på kva dei kan gjere.

Det er ingen som er meir opptatt av å ta vare på bygda og Ristesundsanden, enn grunneigarar og innbyggarar i Ristesund!

Formål med utviding av vern

Det er i oversending frå SFMR til Miljødirektoratet 01.02.2019 angitt at arealendringar er den største trusselen mot verneverdiane. Vi meiner at arealendringar ikkje er ei reell problemstilling, og spør oss kvifor ein må verne eit område som ikkje er trua mot nedbygging og arealendring.

Sande kommune kan via kommuneplan og eventuelle reguleringsplanar legge føringar for bruk og utvikling av området, så vi ser absolutt ikkje at det skal vere behov for å etablere naturreservat for å styre dette.

Fryktar nye verneformål

Både i informasjonsmøte, referat frå møtet og oversending frå SFMR til Miljødirektoratet er område med naturbeitemark, samt raste- og beiteområde for våtmarksfugl og måsar presentert som interessante områder som kan inngå i naturreservatet.

Dette er nye formål som vi frykter kan føre til endra og strengare forskrift for naturreservatet, der vi får enda mindre råderett enn i dagens naturreservat. Med den minimale, tilnærma ikkje eksisterande, menneskelege belastninga som er her ser vi ikkje at områda på nokon måte er trua, og dermed heller ikkje noko behov for å verne det.

Eksisterande vern i området

Området rundt Kvamsøya og Sandsøya har allereie i dag store areal som er verna som naturreservat, dels med ferdselsforbud, og ytterlegare utviding av verneområda her vil vere ei for stor belastning for dei små samfunna.

Vi meiner det må vere andre alternative områder som er aktuelle for vern for å fordele den belastninga det faktisk er å bu nær eller inne i eit naturreservat.

Kvifor verne sanddynene

Artsdatabanken angir at faktorar som gjengroing, framande artar, landbruk, leplanting og plantefelt, klimaendringar, rekreasjon/turisme og nedbygging gjer sanddyneområder trua, og derfor gir behov for vern. Vi ser ikkje at nokon av disse faktorane er reelle truslar for sanddynene i Ristesund, og meinar det ikkje er reelt grunnlag for å utvide verneområdet.  

Den einaste reelle trusselen vi ser er klimaendringar med havstigning, og det vil ikkje eit naturreservat kunne forhindre.  

Naturen rådar  

Vi meiner at for sanddynene i Ristesund er det berre ein reell påverkingsfaktor, og det er naturkreftene. Den er det ikkje mogleg å verne oss i mot.  

Den eine dagen ligg sandstrendene kvite og innbyr til leik og bading, og neste dag slår storbølgja inn over heile sandstranda.  

Utbygging i desse områda er ikkje mogleg og kvifor skal ikkje vi kunne sykle, eller køyre ein traktor på sanden når naturen stadig vekk endrar heile området der storbølgja grev ut av dyrka mark og flyttar rundt på store sanddyner?  

Her følgjer nokre bilete med eksempel på naturkrefter i området, og vi spør oss: Kva er vitsen med å verne mot menneskeleg påverknad når det er naturkreftene som har all makt?

Ristesund_vest_-_Flo_og_fjøre.jpg

Tarefjøra_flo-fjøre.jpg

instegardsanden_2010.jpg

instegardsanden_dagmar.jpg

instegardsanden_dagmar_(2).jpg

Ystegardsanden_mykje_stein.jpg


Arbeidsgruppa mot utvida vern av Ristesundsanden naturreservat    Kontakt personen bak underskriftskampanjen