Nei til utbygging i Lonene og ved Brekkeløypa!
For å markere at turområda rundt Brekkeløypa og i Lonene framleis er høgt verdsett slik dei er i dag, samlast det inn underskrifter frå alle innbyggjarar som ønskjer at Lonene skal bevarast slik det er i dag.
Ved å signere dette opproper seier du at du er i mot:
-
All utbygging i dette området.
-
Ei kraftig auke i trafikk i eit område med barnehagar, skular og fritidsaktivitetar.
-
Ei forhasta utbygging som ikkje er ein del av ei heilheitleg og langsiktig utvikling av Knarvik.
Ved å signere dette oppropet seier du at du vil bevare:
-
Eit sentrumsnært område der ein kan kome seg ut i naturen.
-
Eit turområde for alle folkegrupper der ein kan gå utan innsyn og støy frå bustadar.
-
Eit turområde for barnehageborn og skuleelevar i alle aldrar.
-
Eit område for rikt dyre- og fugleliv.
-
Eit område som kan fremje god folkehelse for alle innbyggjarar i Alver Kommune.
( Områdeplan ligg ute til høyring hos Lindås Kommune, med Plan-ID 1263-201610, som innbefattar g.nr. 185 b.nr 284, 346, 280, 281 og 1. )
Tove Emilie Baldysz Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Kunngjøring fra administratoren av dette nettstedetVi har avsluttet denne underskriftskampanjen og har fjernet underskrivernes personlige opplysninger.EUs personvernforordning (GDPR) krever en legitim grunn for lagring av personlig informasjon, og at denne informasjonen lagres kortest mulig. |