Nei til ny E134 gjennom Langlim, Gjevarvatn og Drivarbekkdalen
Dette er eit opprop som uttrykkjer støtte til ei høyringsuttale mot Statens vegvensen konseptvalsutgreiing om ny E134 frå Gvammen til Vågsli
I høyringsuttala blir det påpeikt:
- - at det er vesentleg ulemper knytt til å velje ein trase nord gjennom Langllm, Gjevarvatn og Drivarbekkdalen
- - det gjeld naturinteresser, kulturhistoriske interesser, miljøinteresser, gardsdrift, jakt og sjølve anleggsperioden
- - at det er store manglar i kvu'en som gjer at det samfunnsøkonomiske reknestykket der Korridor nord blir føretrekt, ikkje held
- - det gjeld reisetid, avstand, stigning og høgde over havet, kostnadsanalyse, omsynet til regional og lokal utvikling og den overordna miljørekneskapen
Konklusjonen i høyringsuttala er at vi med utgangspunkt i dei verdiane som ligg i landskapet Langlim - Gjevarvatn - Drivarbekkdalen, og under tilvising til dei saklege grunnane som talar til fordel for ein Korridor sør for ny E134 gjennom Telemark, går inn for den sørlege korridoren.
- Når du signerer dette oppropet, støttar du samstundes denne konklusjonen i høyringsuttala.
- Namnet ditt vil bli brukt på ei underskriftliste som vil følgje uttala.
- Du kan signere om du er fastbuande, hytteeigar eller berre ein ven av denne fantastiske delen av Telemark!
Aksjonsgruppa Langlim - Gjevarvatn har ei eiga lukka facebookside, der du finn meir informasjon om arbeidet vårt: https://www.facebook.com/groups/385633258227545/
Kristin Bakken Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Kunngjøring fra administratoren av dette nettstedetVi har avsluttet denne underskriftskampanjen og har fjernet underskrivernes personlige opplysninger.EUs personvernforordning (GDPR) krever en legitim grunn for lagring av personlig informasjon, og at denne informasjonen lagres kortest mulig. |