Nei til nedlegging av Åram ferjekai

I Vestlandsnytt 09.11.2022 og Synste Møre 10.11.2022 kunne vi lese at fylkeskommunen har foreslått å legge ned Åram ferjekai og seglande reserveferje på rute 01sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Det vil seie at dersom fylkesadministrasjonen i Molde får det som dei vil, kan ein ikkje lenger ta ferje mellom Åram og Larsnes eller mellom Åram og øyene Voksa/Sandsøya og Kvamsøya.

Dette sambandet er ei viktig samferdselsåre for svært mange:
- Dei som pendlar til/frå Kvamsøy/Sandsøy til/frå Vanylven og vidare sørover
- Dei som pendlar frå Åram og elles nordlege delar av Hovda til Gurskøya, Herøy, Ulsteinvik, Volda/Ørsta og vidare nordover
- Dei som transporterer varer frå Kvamsøy/Sandsøy til Vanylven og vidare sørover
- Dei som leverer varer og tenester frå Vanylven til Kvamsøy/Sandsøy, inkludert post, brannberedskap, ambulanse mm.
- For dei som driv med turisme/reiseliv i Vanylven og på øyane
- Dei som skal besøke familie, og får forlenga reiseveg
- Skuleelevar og elles andre som i dag reiser kollektivt mellom Åram og Gurskøy/Ulsteinvik/Volda
- Kulturarrangement
- Hurtigbåtrute - som i dag nyttar Åram ferjekai som stoppestad
- +++

Å behalde Åram som stoppestad og å elles styrke dette sambandet med fleire avgangar (ekstra ferje) er viktig for alle gruppene som er lista opp over, samt at det er viktig for å:
- Legge til rette for næringsutvikling i regionen
- Oppretthalde samhaldet mellom dei ulike bygdene
- Stoppe fråflytting og legge tilrette for bulyst og tilflytting

Ved å signere dette oppropet seier du nei til nedlegging av Åram ferjekai og er med på å protestere mot innsparingsplanane som fylkesadministrasjonen har foreslått for rute 01.

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Frode Høgset fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.


ELLER

Du vil motta en e-post med en link for å bekrefte din signatur. For å sikre at du mottar e-postene våre, vennligst legg til info@opprop.net i adresseboken din eller i listen over trygge avsendere.

Merk at du ikke kan bekrefte signaturen din ved å svare på denne meldingen.




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...