Merknad til planoppstart: Redd matjorda på Re/Svertingstad

Re_FOTO_lysare.jpg

MERKNAD       

vedrørande varsel om oppstart: Plan 0527.00 - Områdeplan for NB1, NB2 og NB3, Svertingstad, Time kommune, datert 21.1.2021.  

 

Oppsummert: 

I lys av punkta under ber me Time kommune leggja Plan 0527.00 - Områdeplan for NB1, NB2 og NB3, Svertingstad på is, for så å tilbakeføra området til LNF ved neste rullering av kommuneplanen.  

Dersom Time kommune går vidare med den nemnde planen, ønskjer me å spela inn framlegg til krav om matjordplan, openheit om kostnad og klimautslepp. Målet er at offentlegheita blir sikra mest mogleg innsikt undervegs i planprosessen, inkludert kunnskap om verknadene og kostnadene av dei planlagde inngrepa.

           ***

 

Viser til:  

  • at berre 3 % av arealet i Noreg er dyrka jord.  
  • at Noreg er blant landa i verda som har minst matjord og lågast sjølvforsyning, (FN-rangering, sjå lenke).  
  • at matjorda er ein samfunnskritisk, ikkje fornybar og knapp ressurs.  
  • at matjorda på Re og Svertingstad er av høg kvalitetet, (Nibios kartverk Kilden).
  • at nedbygging av den beste matjorda gir dobbel negativ effekt sidan avlingsutbyttet der kan vere over 20 gonger større enn i marginale område, (spesialrådgjevar i Nibio, Arne Bardalen, Nationen 11.2.2021, sjå lenke).  

Nasjonale, regionale og lokale strategiar, mål og utviklingstrekk

  • Nasjonal jordvernstrategi, der målsettinga til no har vore at mindre enn 4000 dekar skulle omdisponerast innan 2020.  
  • varsel frå statsråd Olaug Bollestad om ny, nasjonal jordvernstrategi i vår, (sjå lenke). 
  • Regional jordvernstrategi, der målsettinga er at årleg omdisponering av jordbruksareal i Rogaland i gjennomsnitt ikkje skal vera meir enn 10 % (400 dekar) av det nasjonale jordvernmålet. 
  • Landbruksplanen i Time kommune, som i lys av at dyrka jord i Time utgjer 7,9 % av dyrka jord i Rogaland, slår fast at «Skal Time oppfylla sin del av målet i den nasjonale jordvernsstrategien, vil det bety at årleg omdisponering maksimalt kan vera 20 dekar.»  
  • at store areal med matjord vil bli bygd ned, også i Time kommune, som følgje av regionale infrastrukturprosjekt, inkludert dobbeltspor over Jæren.  
  • offisielt mål om å auka matproduksjonen i Noreg med 20 % innan 2030 (sjå lenke). 
  • brev som understrekar vektlegging av jordvern til kommunane frå statsrådane Olaug Bollestad og Nikolai Astrup, datert 8.1.2021, (sjå lenke).  
  • uttaling frå statssekretær Heidi Karin Nakken i Bondebladet 26.november: «Også regjeringens forsterkede jordvernmål fra 2018, om at årlig omdisponering av dyrket jord skal reduseres til under 4000 dekar per år, kan være et argument for å tilbakeføre eldre utbyggingsområder til landbruksformål. Reguleringsplaner kan også oppheves eller endres utenom kommuneplanrulleringen.»  

Time kommune som ansvarleg forvaltar

  • at Time kommune mellom 2005-2019 omdisponerte minst 4029 dekar jordbruksareal, noko som gjer Time til ein av dei kommunane som byggjer ned mest matjord i Noreg, (SSB, Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord etter jordloven og plan- og bygningsloven, etter region, statistikkvariabel og år).  
  • at det fins alternative ikkje-produktive område til disposisjon for utbygging og at det såleis er uforståeleg at ein vil gjera inngrep i grunnlaget for ei av dei  viktigaste næringane i kommunen.

Samfunnsberedskap, klima og karbonlagring

  • auka folkeleg medvit om matjorda sin verdi for sjølvforsyningsevne og nasjonal samfunnsberedskap.  
  • at klimaendringane fører til aukande utfordringar for matproduksjon globalt og nasjonalt, noko som forsterkar behovet for jordvern, ref. mlm. anna FNs Klimapanels spesialrapport om klimaendringar og landareal (2019, sjå lenke).  
  • at auka karbonlagring i jordsmonnet er eit viktig klimatiltak, då jord inneheld 2-3 gonger så mykje karbon som atmosfæren. Sjå NIBIO-rapport «Muligheter og utfordringer for økt karbonbinding i jordbruksjord», Landbrukets klimaplan 2021-2030, Landbrukets klimaavtale med staten og Regjeringas Klimaplan 2021-2030.

Jordflytting

  • at jordflytting, (ref. Time kommunestyres vedtak i sak 064/20 om Plan 0527.00/Re og Svertingstad i 15.9.2020), er siste alternativ - prioritert etter å unngå, avbøta eller restaurera område, ref. rapport frå Asplan Viak bestilt av regjeringa (2015, sjå lenke), Regionalplan for massehåndtering på Jæren 2018 – 2040 og Nasjonal jordvernstrategi.  
  • at signaleffekten av å opna for å flytta jord kan få negative verknadar og gi eit svekka jordvern som kan koma til å legitimera meir omdisponering av dyrka jord, ref. Asplan Viak (2015).  

Matjord som levande kulturminne

  • at jorda på Re og Svertingstad er bygd opp og dyrka av menneske over fleire tusen år. Slik er ho for eit levande, produktivt kulturminne å rekna. Fortsatt jordbruksdrift i planområdet vil ivareta både matproduksjon og kulturarv. Sjå lenker til NIBIO «Matjord som levende kulturminne» og Regionalplan for massehåndtering på Jæren 2018 – 2040, Kap. 5, s. 19.  

 

I lys av punkta over ber me Time kommune leggja Plan 0527.00 - Områdeplan for NB1, NB2 og NB3, Svertingstad på is, for så å tilbakeføra området til LNF ved neste rullering av kommuneplanen.  

Dersom Time kommune går vidare med den nemnde planen, ønskjer me å spela inn følgjande framlegg. Målet er at offentlegheita blir sikra mest mogleg innsikt undervegs i planprosessen, inkludert kunnskap om verknadene og kostnadene av dei planlagde inngrepa:    

 

Krav om matjordplan

  • Flytting av matjord er ein komplisert, kostnads- og kompetansekrevjande prosess. Ikkje minst når det gjeld 180 dekar svært god jord. Både A-sjiktet (ploglaget) og B-sjikta må flyttast separat, på korrekt vis og under ideelle forhold, for å auka sjansen for at dyrkingsevna heldt seg etter flytting.  
  • Me oppmodar Time kommune til å stilla krav om utarbeiding og godkjenning av ein matjordplan, der forventingar rundt jordflytting, kravspesifikasjonar til entreprenør, metode, kostnad og konsekvensar blir gjort greie for.  
  • Me ber om at forslag til matjordplan skal følgja med som del av høyringsgrunnlaget ved offentleg ettersyn av reguleringsplan.                         

Vestfold fylkeskommune har laga ein god «Veileder til matjordplan» til inspirasjon, (sjå lenke). Viktige moment i ein matjordplan er:

- Omtale av matjorda som flyttast                                              

- Avklaring, vurdering og omtale av mottaksareal

- Bruk av matjorda frå planområdet - Utføringa av jordflyttinga  

 

Openheit om kostnad

  • Ifølgje Asplan Viak (rapport til regjeringa 2015, s. 63) er kostnaden for jordflytting som omfattar matjord og undergrunnsjord høg, trulig 500 kr/m2 (2017-tal). Direkte omsett til 180 dekar på Re og Svertingstad, vil flyttekostnaden kunne kome på minst NOK 90 millionar. Me vonar Time kommune vil stilla krav om størst mogleg openheit omkring dei reelle kostnadene ved flytting.

 

Klimautslepp

  • Regjeringa la nyleg fram Klimaplan 2021-2030, der målet er minst å halvera utsleppa våre innan 2030, basert på 1990-nivå. Omgraving av jord medfører store klimagassutslepp. Me vonar Time kommune vil synleggjera korleis jordflytting, transport, eventuell mellomlagring, og plassering av jorda i mottaksområde bidreg til å oppnå måla i Klimaplan 2021-2030.

 

Utanfrå og inn?

  • Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke, kapittel 5/Retningslinjer, slår fast at «Det planlegges for utvikling av levedyktige lokalmiljø i hele regionen med utbygging «innenfra og ut» i hvert tettsted.» Time kommunes dokument 20/16187 - Plan 0527.00: Områdeplan for NB1, NB2 og NB3, Svertingstad, tilseier at NB3 kan byggjast ut først av dei tre områda. Me stiller spørsmål ved om ikkje dette utgjer ei «utanfrå og inn»-utbygging.  

 

 

Venleg helsing,

 

Bothild Å. Nordsletten,

Stemmen 18, 4346 Bryne

(personleg og aleine ansvarleg for eventuelle feil og manglar i teksten over.)    

Tarald Oma, 

Garborgvegen 326, 4346 Bryne

 

LENKER  

FNs rangering av fulldyrka jord: https://www.fn.no/view/content/579/full/1/548  

Spesialrådgjevar i Nibio, Arne Bardalen: https://www.nationen.no/landbruk/kvar-av-oss-har-mista-ein-firedel-av-matjorda-pa-20-ar/  

Landbruks-og matminister Olaug Bollestad om ny jordvernstrategi: https://www.nationen.no/landbruk/bollestad-bygger-ned-for-mykje-dyrka-jord/  

Regional jordvernstrategi, Rogaland: https://www.statsforvalteren.no/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/jordvern/regional-jordvernstrategi-290519-003-002.pdf

Time kommune, Landbruksplan: https://www.time.kommune.no/_f/p1/ide630c17-cded-44d1-ac43-4c7717e28910/landbruksplan-time-2016-2026.pdf  

Mål om 20 % auka matproduksjon innan 2030: https://www.regjeringen.no/contentassets/adb6bd7b2dd84c299aa9bd540569e836/no/pdfs/stm201120120009000dddpdfs.pdf  

Brev om jordvern frå statsrådane Bollestad og Astrup om til kommunane 8.1.2021: https://www.regjeringen.no/contentassets/64e7bf51cc874fb38bf156a185f2b014/jordvern-og-fns-barekraftsmal1034815.pdf

FNs Klimapanels spesialrapport om klimaendringar og landareal (kap. 5 om matsikkerheit): https://www.ipcc.ch/srccl/

NIBIO-rapport «Muligheter og utfordringer for økt karbonlagring i jordbruksjord: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2591077

Landbrukets klimaplan: https://www.bondelaget.no/klima/landbrukets-klimaplan

Landbrukets klimaavtale med staten: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/enighet-om-klimaavtale-mellom-regjeringen-og-jordbruket/id2661309/

Regjeringas klimaplan 2021-2030: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-13-20202021/id2827405/?ch=1

Rapport «Tiltak for å styrke jordvernet» frå Asplan Viak (2015): https://www.regjeringen.no/contentassets/27bbeed500314408b78a73eda8963937/jordvernutredning---sluttrapport-asplan-viak-05032015.pdf  

Regionalplan for massehandtering på Jæren: regionalplan-for-massehandtering-pa-jaren-2018-2040.pdf (rogfk.no)

Matjord som levande kulturminne: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2721832  

Vestfold Fylkeskommune «Veileder til matjordplan»: https://nyweb.vfk.no/globalassets/planportalen/dokumenter/matjordforvaltning/veileder-matjordplanen_utskriftsvennlig-nov19.pdf  

Regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke: https://www.rogfk.no/vare-tjenester/planlegging/gjeldende-planer-og-strategier/areal-og-samferdsel/areal/regionalplan-for-jaren-og-sore-ryfylke/    


Bothild Å. Nordsletten    Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Bothild Å. Nordsletten fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke telefonnummeret ditt offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...