Me vil behalda ambulansen på Osterøy

Dette oppropet vil verta avslutta i løpet veke 10.

Det har kome fram at Helse Bergen vurderer å flytta ambulansestasjonen frå Osterøy. Dette kan me ikkje finna oss i, då me allerede har mista legevakta. Om ambulansen og vert borte, vil me verta dårleg stilt. Me vert sette meir enn 40 år attende i tid om dette skjer.

Då legevakta vart flytta til Knarvik, var forutsetninga at me skulle få behalda ambulansestasjonen her.

Me ber om at me får behalda ambulansestasjonen på Osterøy.

No er det planar om å byggja ny brannstasjon på Hauge, som ligg godt lokalisert på Osterøy. Ein kan sjå for seg ei samlokalisering for all beredskap der, inkludert kriseleiing.

Tilføying 19.02.14:

No er helselaga på Osterøy også i gong med lister dør-til-dør. Be alle de kjenner om å ta godt imot dei. Kvar einaste signatur tel her.

I samråd er me einige om å ha oppropet gåande til veke 10, og så vert listene levert samla.